Frå matfatet

Jordbruksforhandlingar

Eit ansvarleg storting lèt ikkje tilbodet stå.

Bønder i opprør: Høgreordføraren i Førde fekk møk på rådhusdøra. Kva bør han gjere med det?
Bønder i opprør: Høgreordføraren i Førde fekk møk på rådhusdøra. Kva bør han gjere med det?
Publisert

Det kokar framleis godt i norsk jordbrukspolitikk. Eit bondeopprør frå grasrota gav brot i jordbruksforhandlingane – og ein sjeldan sjanse for norske stortingspolitikarar til å ta ansvar for korleis vi produserer mat her til lands.

Difor er det tristare enn tristast når alt tyder på at det er ein sjanse dei ikkje kjem til å ta. «Eg er opptatt av å bevare jordbruksoppgjøret som institutt», sa stortingsrepresentant for Høgre Guro Angell Gimse i NRK Debatten førre tysdag og heldt fram: «Det betyr at viss vi begynner med overbodspolitikk, så vil vi undergrave det instituttet som vi har der bønder har høve til å sitte ved bordet.»

Ja, Noreg har eit system der bønder og byråkratar frå Landbruksdepartementet saman vert samde om ein jordbruksavtale. Avtalen regulerer kor mykje statlege pengar vi skal bruke på jordbruket, korleis dei skal fordelast, og set fast målprisar som regulerer kor høg prisen på enkelte råvarer kan verte før tollvernet slår inn.

Prosessen byrjar i lokallaga til dei to bondeorganisasjonane Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag: Dei melder inn til organisasjonane sentralt kva som er viktig for drifta deira. Dei to organisasjonane vert samde om eit felles krav til staten. Staten kjem attende med eit tilbod, dei forhandlar og vert ofte samde om ein avtale, som så vert banka gjennom i Stortinget.

Kva som står og ikkje

Men må det vere slik? Jordbruksforhandlingane baserer seg på Hovudavtalen som vart skriven mellom partane attende i 1950 og er revidert sist 1992. I avtalen står det: «Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er egnet til å fremme fastlagte mål for jordbruket.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement