Frå matfatet

Hjortekjøt

2200 tonn norsk kjøt er aldri innom nokon butikk.

Denne maten må truleg aldri ta vegen om nokon butikk.
Denne maten må truleg aldri ta vegen om nokon butikk.
Publisert

Har du nokon gong tenkt på fylgjande: I 2020 vart det skote over 50.000 hjortar i Noreg. Om ein reknar ei gjennomsnittleg slaktevekt på 45 kilo, vert det 2250 tonn slaktevekt. Likevel er det særs, særs sjeldan ein finn hjortekjøt på hyllene eller i frysarane i norske daglegvarebutikkar, som elles skryt på seg å stå for ein stad mellom 99,9 og 100 prosent av omsetnaden av daglegvarer til forbrukarar i Noreg.

Rema 1000 har nokre få hjorteprodukt frå Stensaas Reinsdyrslakteri, hjå Coop er det høve til å skaffe seg spekepølse av hjort, medan Meny og Spar sel dåhjort frå Frankrike og Spania og hjorteskav frå New Zealand. Uansett monnar det lite og ingenting. Kvar vert alt hjortekjøtet av?

Stor auke i løyve

Mykje går rett i frysaren til jegeren som skaut dyret. Eg er blant dei heldige: Ein heil fryseboks byrjar å verte temmeleg full, sjølv om ein tredjepart av jakta står att. Om eg ikkje hadde fått selt unna kjøt til vener og familie, kunne eg ikkje halde på med hobbyen min så mykje som eg skulle ynskje, og som norsk hjorteforvaltning er avhengig av.

Så og seie all viltforvalting i Noreg vert gjort på hobbybasis. Grunneigarar og andre jaktar fordi dei synest det er spanande, kjekt, viktig og god matauk – og slik held ein hjortebestanden sunn, frisk og nokolunde under kontroll.

I mange år har dette gått bra. Men i få av dei åra har det vore naudsynt å skyte så mykje hjort i Noreg som dei siste: For om lag 20 år sidan vart det gjeve fellingsløyve på drygt 35.000 hjortar i Noreg, 15.000 færre enn i fjor. 15 år lenger attende var talet 20.000, og mengda kjøt som skulle omsettast og fortærast, tilsvarande mykje mindre. Å få det omsett i lokale, uoffisielle kanalar var ikkje noko problem – og difor ingenting å formalisere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement