JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Havregryn

Fiber er bra, men ikkje til dobbel pris.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Havregryn er kvardagskost, og takk og pris for det.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

4209
20220311
4209
20220311

Er det eller kjennest det i det minste litt som striskjorte og havrelefse for tida? Då er det kanskje på tide å finne ut kva det uttrykket eigentleg betyr. Ei striskorte har fint lite med mat å gjere – det er eit arbeidsplagg, ei skjorte sydd av grov lin, jute eller hamp. Altså eit plagg som kan vere temmeleg ubehageleg å ta på seg, men som vil mjukne i rørsle, som jo er det arbeid går ut på. Og her har vi nokre sanningsord med éin gong: Arbeid er ofte verst før ein kjem i gang.

Kva så med havrelefsa? Vi har lefser i kosthaldet vårt framleis, så vi veit kva det er. I det minste trur vi at vi veit det, at lefser er flatt bakverk som ikkje er hardt som flatbrød, men mjukt. Dette stemmer for havrelefsa, men der våre moderne lefser er fulle av feite meieriprodukt og fint mjøl, var havrelefsa baka på lite anna enn vatn, salt og grovt havremjøl.

Korleis smakar dette, skal tru? Lat oss ta endå eit steg opp att på trivselsstigen, for er det ein type mjøl som kan bere denne typen handsaming, er det truleg havremjølet. Der både bygg, rug og kveite kan smake både flatt, tørt og keisamt, har havre smak – havre smakar feitt og søtt og litt jordete, og det er ikkje så rart. For dei 5–7 prosentane med feitt som er i havre, er tre gonger så mykje feitt som i dei andre kornartane.

Saman med at havre er lettdyrkeleg og har vore det i tusen år, er nok dette ei av årsakene til at havre er det føretrekte graut- og frukostblandingskornet: Havregryn smakar godt. Sunt er det òg, feittet er av den snille typen, og fiberen har stort innhald av løyselege betaglukanar, som mellom anna har god påverknad på kolesterolet og gjer at stivelse vert saktare brote ned til sukker.

Verdas beste fiber

Ja, du skal rett og slett slite med å få tak i betre fiber enn den som er å finne i havregryn. Difor er det litt merkeleg at når Axa lager eit fiberhavregryn med endå høgare fiberinnhald enn dei andre variantane, gjer dei det ved å sette til kveitekli.

Kveitekli kjenner vi: Det er å få kjøpt som Kruskakli, eit produkt mange av oss brukar når vi bakar grove brød. Det er ikkje noko gale med verken kruskakli eller kveitekli i andre variantar. Men treng vi det i havregrynposane våre når det fører til at dei vert nesten dobbelt så dyre?

Ein pakke Bjørn Lettkokte Havregryn frå Axa kostar i skrivande stund 18 kroner og 19 øre på Spar. Men pakken inneheld 1,1 kilo, så kiloprisen vert 17,18 kroner. Axa Fiberhavregryn vert seld i posar på berre 600 gram, og kostar 19 kroner og 90 øre. Prisskilnaden verkar altså ikkje så stor – før vi reknar han om til kilo og finn at ei slik mengde av fibergryna, kostar oss 33 kroner og 17 øre.

Fiber fikser det meste

Kor stor må auken i fiberinnhald vere for å rettferdiggjere ein slik prisskilnad? Heilt vanlege, lettkokte havregryn inneheld 10 prosent kostfiber – altså 10 gram per 100. Kveiteklien i fibergryna har fått fiberinnhaldet opp 3 prosent – til 13 gram.

Det er godt med fiber, det. Tilrådd inntak per dag er i snitt 30 gram for ein vaksen person midt i livet. Hovudårsaka til at vi vert tilrådde å få i oss såpass med fiber, er at det regulerer fordøyinga vår. Ja, fiber fungerer faktisk mot både laus og fast mage: Er avføringa for laus, kan fiber vere med på å binde opp vatn, og er ho for fast, kan tungtfordøyeleg fiber vere med på å lage betre plass i tarmane.

Men også her handlar det om å finne ei form for gyllen middelveg. Å ete for mykje fiber for fort kan gjere deg oppblåst og uvel, og endåtil gje deg både diaré og forstopping: Fordøyingssystemet vårt treng nemleg å venje seg til store endringar i fiberinnhald.

Truleg utgjer ikkje dei tre gramma ekstra fiber i fiberhavregryna nokon risiko. Men like truleg er dei ikkje særleg naudsynte heller: Et du havregryn, får du i deg massevis av fiber. Nok for dei aller fleste, skulle ein tru, og det i ei matvare som er både sunn, velsmakande, rein og temmeleg rimeleg. Om du spør meg, er det ingen grunn til å endre på eit lag som ligg så godt an til å vinne.

Kjøper eg Axa Fiberhavre­gryn? Nei takk, eg smør tarmane mine på billegaste måte med heilt vanleg Bjørn Lettkokte Havregryn.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fiber fungerer faktisk mot både laus og fast mage.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis