Frå matfatet

Halvsteikte bakevarer

Veg lang reiseveg opp for lang levetid?

Ciabatta er eit italiensk bakverk, men til Noreg hentar vi det stort sett frå Frankrike.
Ciabatta er eit italiensk bakverk, men til Noreg hentar vi det stort sett frå Frankrike.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Helgemorgon. Du vaknar heilt av deg sjølv nett høveleg tidleg (eller seint, slikt er jo relativt desse to frie, sjølvstendige dagane), og du har ingen planar og vert difor liggande i senga ei god stund til – heilt til eit eller anna får deg til å stå opp. Kanskje er det kaffityrsten, kanskje er det tvert om noko som må ut i andre enden, eller kanskje er du rett og slett nysgjerrig på kva som no gøymer seg i denne blanke dagen.

Det er truleg at du då går i gang med frukost. At du ynskjer deg noko litt ekstra, eit eller anna som er litt annleis enn leverposteiskiva eller frukostblandinga du vanlegvis trykker i deg, idet du eigentleg alt skulle ha vore ute av døra og difor ikkje har tid til å kjenne etter kva frukosten din eigentleg smakar. Det er ikkje noko gale i det. Ja, eg vil nærast gå så langt som å seie at du har rett på ein frukost fylt av glede. Og kva er vel meir gledeleg enn varmt, nysteikt brød?

Nei, det er ingen tvil, det er det denne helgefrukosten krev. Men korleis skal han få det til? For varmt brød til helgefrukosten kjem ikkje av seg sjølv, og kanskje er varm gjærbakst så nær magisk fordi det er såpass vanskeleg å få til.

Sjølvsagt kunne vi ha laga deigen kvelden før og late ho heve kaldt over natta. Det ville ho berre hatt godt av. Men likevel ville helgefrukosten tatt si tid, for vi måtte tatt att deiga, forma ho og etterheva før vi steikte bakverket, og så (og dette er vanskelegast) late den brennheite baksten kvile før vi skar han opp, og med eitt ville frukosten ha vorte ein brunsj, og kva er no det for måltid om vi framleis har eit mål om å få noko ut av denne helgedagen?

Langreist

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement