Frå matfatet

Gullmedaljekost

At norsk mat vinn internasjonale gullmedaljar, vil ikkje nødvendigvis seie at han er best.

Tingvollost og Ostegården har begge vunne heilt ekte gullmedaljar i oste-VM.
Tingvollost og Ostegården har begge vunne heilt ekte gullmedaljar i oste-VM.
Publisert

OK, så vert det kanskje ikkje noko fotball-VM på Noreg denne gongen heller. Då får det vere ei trøst at vintersportsesongen nærmar seg, og at vi gjer det aldeles glitrande på den internasjonale matfronten for tida.

I byrjinga av november kom norske osteprodusentar heim frå World Cheese Awards i Spania med to gullmedaljar, åtte sølvmedaljar og 13 bronsemedaljar. Gullmedaljevinnarane var Tines Dovre Camembert og raudkittosten Granstubben frå Gangstad Gårdsysteri.

Førre veke stakk kjøtprodusenten Prima Jæren av med sju medaljar i World Steak Challenge – to gullmedaljar for entrecôte, ein sølvmedalje for indrefilet og ein sølv og ein bronse for mørbrad. Same veke fekk bryggeriet E.C. Dahls gullmedalje for ølet Kong Vinter i European Beer Star, som trass i namnet tek imot deltakarar frå heile verda.

Hurra!

Til lukke, alle saman! At norsk ost har vore på ei magisk reise dei siste 15–20 åra, var vel mange av oss alt klar over, men å halde oppe kvaliteten og skaparkrafta kjem ikkje av seg sjølv. Det gjer det heller ikkje å få fram kvaliteten i ei så lite foredla råvare som ein stykkingsdel av storfe. Her må det vere kvalitet i alle ledd frå ute på jordet til inne på bordet.

Skal eg trekke fram éin vinnar framfor dei andre, vert det likevel ølet frå E.C. Dahls denne gongen. Det er nemleg brygga på norsk malt, altså norsk korn, frå norske åkrar, og tru det eller ei, dette ville vore nærast utenkeleg for berre eit tiår sidan. Då dyrka vi ikkje bygg til øl i Noreg; bygg inneheld mykje protein og vart stort sett berre brukt til dyrefôr. No dyrkar vi maltbygg att, og av det vert det så godt øl at ein kan vinne gullmedaljar i verdsmeisterskap. I tillegg er det ei årsak til som vi skal kome attende men til, men for no: Hurra!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement