JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Gudbrandsdalsost

Eg skulle ynskje det var enkelt å vite kva Tine bør gjere med Gudbrandsdalsosten – men eg måtte tenkje litt. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noko av det som gjer nordmenn til nordmenn: Einar, Gro – og brunosten. Treng vi tenke over kor brunosten er ysta?

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

4341
20231013
4341
20231013

Skal Tine halde fram å produsere Gudbrandsdalsosten i Gudbrandsdalen, koste kva det koste vil? Diskusjonen går høgt om dagen.

Om ein skal tenkje på dei 17 tilsette ved meieriet, skal Tine sjølvsagt halde fram produksjonen. Det skal vege tungt, men ikkje tyngre enn verdien av alle dei andre arbeidsplassane Tine sørgjer for. Tine opererer i ein marknad, selskapet må gå rundt økonomisk, og ingen tener på at heile samvirket går over ende.

Ironisk nok er det denne tenkinga som er bakgrunnen for eit anna godt argument for å legge ned Gudbrandsdalsbrunost-produksjonen i Lom og Skjåk: At berre 10 prosent av Gudbrandsdalsosten vert produsert der i dag, medan 90 prosent vert produsert i Gloppen og Balsfjord.

Generisk ost

Med andre ord er det alt særs liten sjanse for at Gudbrandsdalsosten som ligg og sveittar på skivene i matpakken din, kjem frå Gudbrandsdalen. Likevel er det altså sterke krefter som kjempar for å halde på den vesle biten av ekte Gudbrandsdalsost-produksjon – og i spissen står kjendiskokk og gudbrandsdøl Arne Brimi.

Brimi snakkar om «moglegheiter med identitet» og seier til NRK at ein ikkje kan flytte Tromsø fotballag til Stavanger utan at laget mistar identiteten. Det er det same med brunost, meiner han. Det han snakkar om då, er altså identitet som kjensler, ikkje smak. For ikkje eingong Arne Brimi ville klart å smake skilnad på ein Gudbrandsdalsost kokt i Gudbrandsdalen og ein kokt i Balsfjord. Nei, ikkje eingong Anne Hov, budeia som har fått æra av å vere den fyrste som hadde fløyte i brunosten og slik skapte opphavet til G35 – Gudbrandsdalsosten som inneheld både kufløyte, geitemjølk og myse av kumjølk – ville nok kjent skilnad.

Jau, på eitt vis ville ho nok det: Ho ville kjent skilnad på den osten ho kokte i 1863, og den Tine koker i dag. Stølsost er milevis unna ein generisk brunost kokt på mjølk som er tankbila inn frå store delar av landet. Men er det eit godt nok argument for å kutte navlestrengen fullstendig?

Golfbaneysteri

Lat oss gjere ei samanlikning: bruk og nedbygging av matjord. Eg synest det er trist å sjå matjord verte brukt som golfbaner. Men eg synest det er betre at jord vert brukt som golfbaner, enn at ho vert brukt som parkeringshus eller motorvegar – fordi ei golfbane trass alt kan pløyast opp eller beitast ned eller få gro og verte hausta som rundballar dersom det skulle bli trong for det. Dersom nokon har bygd skituristleilegheiter i tre etasjar på tomta, vert det vanskelegare å plante havre over natta.

Slik tenker eg det er med brunostystinga til Tine òg. Nett no er ho som ei golfbane: Ho nyttar ikkje heile potensialet sitt. Noko av årsaka er at tida ikkje ligg til rette for det. Men dersom tidene – eller Tine – skulle snu, dersom det ikkje lenger er så populært å frakte mjølk landet rundt for å lage generisk ost, kanskje det av ei eller anna årsak ikkje eingong er lønsamt lenger, så kan Tine, så lenge dei held ysteriet i Lom og Skjåk i drift, framleis hente attende den opphavlege Gudbrandsdalsosten. Legg dei ned, bygger dei skilodge på heile den ystetradisjonen.

Ja, Tine, eg landar på å håpe de tek dykk råd til å halde fram osteproduksjonen i Lom og Skjåk. Det aller beste argumentet for dette har eg spart til slutt: Sandeep Singh, musikkjournalist i NRK, som i Fredagspanelet på P2s Nyhendemorgon fekk sleppe ut at han er «litt sånn lei av den der det kan ikkje heite feta fordi det er ikkje frå Hellas, det kan ikkje heite champagne fordi det er ikkje frå Champagne – skal vi enkle nordmenn hoppe på den høg nase-kulturen der?».

Eg veit ikkje kor store verdiar feta har skapt for Hellas eller champagne har skapt for Frankrike, men eg trur det er snakk om ganske store tal. Tal som i alle høve går godt i pluss. At ikkje Tine får til – eller ser verdien av – det same, er fyrst og fremst trist. Og berre så det er sagt: den jamne mjølkebonde – om det no er i Gudbrandsdalen eller i eit feta-distrikt i Hellas – har ikkje særleg høg nase, trur eg. Derimot er dei stolte over identiteten sin. Ekte stolte over ekte identitet. Spør du meg, er det noko å bygge vidare på, ikkje noko å gjere narr av.  

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Stølsost er milevis unna ein generisk brunost kokt på mjølk som er tankbila inn frå store delar av landet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis