JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Grønsakfries

Innpakninga bør aldri vere like stor som innhaldet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik kan ein tallerken grønsakfries sjå ut – om du ikkje kjøper han hjå Findus.

Foto: Marco Verch / Flickr.com

4151
20210430
4151
20210430

Tendensen i tida er vel temmeleg klar: Det hippaste og kulaste og sunnaste og tøffaste du kan gjere, er å ete meir grønsaker.

Og det skal eg ikkje seie noko på. Grønsaker er sunt og godt, mange av dei kan endåtil dyrkast i Noreg, og dei aller fleste av oss er langt unna å maksimere potensialet i kva denne enorme gruppa av næringsmiddel kan nyttast til.

Om vi ser stort på det, inkluderer grønsaker alt frå poteter som veks under jorda, til bønner som veks i belgar, til grøne salatar som er blad, og raude tomatar som er frukter med frø i, frå bitte små jordskokkar til enorme graskar, frå sprø og søte sukkererter det berre er å kaste seg over i hagen, til dei tørraste, hardaste artisjokkane ein verkeleg må vite kva ein skal gjere med for at dei skal smake godt. Og då har vi ikkje byrja å snakke om alle dei ulike variantane, berre mais finst i tusenvis av variantar.

Alt dette kan sjølvsagt lagast til på minst like mange ulike måtar: Dei fleste grønsaker kan kokast og steikast, men dei kan òg bakast, mosast, fermenterast, dampast, rivast, syltast – eg trur vi sluttar der.

Poenget er at potensialet som ligg i den store matgruppa grønsaker, er nesten uavgrensa. Det inneber likevel ikkje at alt er like sunt. Spesielt ikkje alt som er å finne i ein pose så å seie ferdig mat i butikken.

For lite grønsaker

Produktet eg har funne fram til oss denne veka, er ein pose grønsakfries frå Findus. I det store grønsakhavet har Findus valt ut tre typar dei ynskjer å servere oss: gulrot, pastinakk og aspargesbønner. «Digge grønnsaker med sprø panering», ifylgje produsenten, og det kan dei akkurat seie med æra i behald, men det er og berre så vidt.

For bakpå pakningen står innhaldslista. Og øvst på den står «Grønnsaker 58 %». Over fire tidelar, nærare halvparten, av innhaldet i pakken er altså noko anna enn grønsaker.

Nokre gonger kan det vere på sin plass at hovudingrediensen berre er ein liten del av produktet. Lagar du leverpostei, til dømes, kan du ikkje berre bruke lever – du må òg ha spekk og kjøt og egg og slikt. Det same med pølser. Dei kan ikkje vere 100 prosent kjøt, raspeballar kan ikkje lagast berre på potet, og ein ingefærdrikk ville vorte udrikkeleg sterk om han inneheldt 100 prosent ingefær.

Fries er ikkje ein sånn ting. Fries er eigentleg noko som er fritert i olje, men kan òg vere noko som er bakt i omnen, som i dette høvet. Dette noko kan òg vere panert – altså pakka inn i ei blanding av mjøl og olje eller egg – som her. Men panering treng ikkje utgjere 42 prosent av produktet. Likevel, i dette høvet, så gjer det det.

Grønsakfries frå Findus er 58 prosent grønsaker og 42 prosent mjøl, stivelse og solsikkeolje. Det er ingen tendensar i tida som ber oss om å ete meir mjøl, stivelse og solsikkeolje, og det er det ei årsak til: Dette er næringsfattige, smaklause og rett fram usunne ingrediensar.

Grønsaker som gulrot, pastinakk og aspargesbønner er smakfulle ingrediensar som vanlegvis ikkje treng tilsetting av aromastoff for å smake godt. Når Findus i dette høvet likevel har funne det naudsynt å bruke aroma, er det berre fordi dei har valt denne rett fram merkelege blandinga av grønsaker og smaklaus panering.

Rett til kjelda

Heldigvis er det ingen grunn til å gå vegen om Findus om du vil ha bakte grønsaker som tilbehør til – eller endåtil hovudingrediens i – middagen din. Eg kjenner meg heilt trygg på at du klarar å kutte opp grønsaker, krydre dei og bake dei i omnen heilt på eiga hand. Då treng du heller ikkje vere avgrensa til Findus’ tre variantar, men kan bade i raudbetar, kålrot, brokkoli, lauk, søtpotet, squash, selleri, graskar, sopp, paprika og, min personlege favoritt, små, heile tomatar, som vert rettelege smaksbomber etter ei tid i steikeomnen. Om du vil, kan du vende dei lett i mjøl og egg eller olje – eller finriven ost og støytte korianderfrø – eller akkurat det du har aller mest lyst på. For:

Kjøper eg grønsakfries frå Findus? Nei takk, eg nyttar meg heller av dei uendelege sjansane som finst utanfor ferdigposen.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ingen tendensar i tida som ber oss om å ete meir mjøl, stivelse og solsikkeolje.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis