JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Gris

Fleire svin på skogen må snike seg nærare normalen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Grisar kan ha eit heilt ålreit liv i fjøs, men potensialet er mykje større.

Foto: Lise Åserud / NTB

4023
20210618
4023
20210618

Det er berre éin ting å seie: Å lese grisesaka NRK publiserte for nokre veker sidan, var tøft. Skikkeleg tøft, ja, rett og slett grinetøft var det å lese om og sjå kva aktivistane som har brote seg inn i 28 grisefjøs, har oppdaga.

Grisar som står fastbundne. Grisar som vassar i eiga møk. Grisar med avtogne halar. Grisar rett på betonggolv. Sjuke grisar. Døde grisar.

Det skal ikkje vere slik. Grisar skal ikkje ha det slik – grisar som er så reinslege, som gjerne vel seg ein plass der dei har toalett og held seg til det, griser som instinktivt senkar nasen mot bakken og byrjar å grave, for det er det dei er skapte for. Det er ikkje rart at dei byrjar å ete på halane til kvarandre når dei ikkje får anna stimuli.

Alle som har sett grisar utfalde seg som grisar kan og skal, veit dette. Dei veit kva grisar er gode for, og det er så uendeleg mykje meir enn eit innestengt industrigriseliv har å by på.

Ålreite fjøsliv

Det inneber ikkje at grisar ikkje kan ha eit heilt ålreit liv innandørs, i betongfjøs, for det kan dei så absolutt, dersom det vert lagt til rette for det: Halm og saggrubb er erstatningar for å kunne rote i jorda, og å ha kontakt med andre grisar i ein binge som er stor nok til å velje seg eit toalett, er ei erstatning for å tusle rundt i naturen.

Det er likevel ikkje tvil om at det er industrialiseringa som har skulda for slik vanskjøtsel. Eg får meg ikkje til å tru at bønder har det slik fordi dei vil, eller fordi dei ikkje veit betre. Sjølvsagt finst det enkelttilfelle av dyremishandling – og dei er fæle – men det er mindretalet.

Hovudsyndaren heiter framleis «for lite tid». Han heiter «for dårleg lønsemd», og han kjem med krav om annan jobb ved sida av fullt årsverk i jordbruket. Slike forhold er eit resultat av eit jordbruk som har lagt seg flatt for stadig nye krav om effektivisering, og ein daglegvarebransje og eit forbrukarledd som har både kravd og kasta seg over stadig billegare kjøt.

Dette er det viktig at vi har med oss, før vi i det heile tatt tenker på å kritisere bøndene det gjeld: Dette er strukturelle problem. Det vi må gjere med dei, er ikkje å henge ut enkeltbønder – eller gå rett til å vilje legge ned heile næringa. Det vi må gjere, er å endre strukturen.

Den nye normalen

Dette vil ikkje seie at vi skal flytte alle grisane ut av fjøset og ut på jorda eller i skogane, fjella og utmarka i Noreg. Sjølv om det fint ville late seg gjere, reint klimatisk, er det ikkje realistisk i praksis.

Men vi burde sette oss eit mål om mange fleire svin på skogen enn vi har i dag. I Noreg i 2021 lever 1 prosent av slaktegrisane livet sitt utandørs. Det er mange nok til at det ikkje går an å seie at det er umogleg – det finst bønder over store delar av Sør-Noreg som driv med utegris i stor skala kommersielt og med god lønsemd og god dyrevelferd. Det er likevel altfor få til at kjøt frå utegris får konkurrere med kjøt frå innegris i butikkane.

Og det er dit vi må, der det er fleire svin på skogen. Vi må flytte normalen, flytte utegrisen nærare sentrum i spekteret mellom god og dårleg grisevelferd. Ei næring som tek dyrevelferd på alvor, må våge det.

Så må vi forbrukarar syne at vi er satsinga verdige. Vi kan ikkje kritisere dyrevelferda utan å ta innover oss kva det vil seie å endre henne: Skal bonden bruke meir tid og pengar på kvar gris, må ho nødvendigvis ha færre grisar i fjøset – og få betre betalt for dei grisane ho har. Det tyder dyrare svinekjøt – og kanskje i mindre mengde. Og i det siste leddet er det politikarar, butikkar og forbrukarar som bestemmer om det inneber auka import frå billegare land med endå dårlegare dyrevelferd, som sjølvsagt er vinninga heilt og halde opp i spinninga.

Skal vi betre norsk grisehald, må vi òg betale det det kostar – ikkje gjere som Kiwi, som nett no sel First Price sommarkotelettar for 29 kroner per kilo. Det er ikkje å ta norsk svinehald og god grisevelferd på alvor.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skal vi betre norsk grisehald, må vi betale det det kostar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis