Frå matfatet
Grillmat
Har all ferdigmarineringa gjort at vi har gløymt kvifor vi grillar?
Ei ferdiggrilla reke. Om ho er marinert eller ikkje, er ikkje godt å seie, men det spelar gjerne mindre rolle, for ser ho ikkje god ut?
Foto: Pxhere.com
Eg har skrive det før, og eg kjem truleg til å skrive det igjen: Nordmenn elskar å grille. Ifylgje Matprat.no er ni av ti nordmenn innom grillen ein eller annan gong mellom april og september. Til samanlikning har berre åtte av ti handla på internett eller gått ein tur i skog og fjell det siste året.
Vi elskar dyre, flotte gassgrillar av velkjende, etablerte merke, og vi piffar opp grillane våre med pizzasteinar, trepellets (som skal gje ulike røyksmakar), rotisseri, reingjeringssett, grillampar (til kveldsgrilling), forkle (ja, endåtil for menn) og store steikespadar.
Det einaste vi tilsynelatande ikkje investerer så mange kroner og øre i, er maten vi serverer. I det minste kan det synast slik, så ivrige som alle daglegvarekjedene er på å dynke oss i billeg grillmat frå mai til oktober.
Norgesgruppen satsar på Sticks – små pakningar med ulike variantar av tilarbeidd kjøt, fisk og ost til å hive på grillen. Eg seier tilarbeidd fordi dei ulike variantane har det til felles at dei er krydra og/eller marinerte: Kylling marinert med sitrus og chili, reker med same krydderblanding, svinekjøtet har fått chili og appelsin og ein oppdelt storfemørbrad har fått smak av korean barbeque – ei blanding av sukker, tomatpuré, paprika og sjampinjongekstrakt, mellom anna. Pakningane kostar mellom 40 og 50 kroner per stykk.
Nett same pris som grillprodukta Rema 1000 sel det dei kan av for tida: Under merkenamnet Grill Bites finn vi kyllingnuggets, jalapeno poppers, falafel sticks – og ferdig marinert scampi, kylling og laks.
Det er vel dette vi vil ha, då? Billeg, ferdigmarinert mat vi berre kan slenge rett på grillen? Nordmenn er vel vortne eit slik folk, då – eit som er meir oppteke av måltidet enn av maten, som ser kor viktig det er å samle seg kring middagsbordet (eller grillbrettet). Det må likevel ikkje bety timevis ved kjøkkenbenken i førevegen når nokon har laga det så enkelt til for oss at ferdigprodukt av god kvalitet er å finne på butikken fem minutt nede i vegen?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.