Frå matfatet

Gjødsel

Kan ein alvorleg global gjødselsituasjon skape ny næring i Noreg?

Norsk matproduksjon klarar seg tilsynelatande ikkje utan kunstgjødsel. Kor lurt er eigentleg det?
Norsk matproduksjon klarar seg tilsynelatande ikkje utan kunstgjødsel. Kor lurt er eigentleg det?
Publisert

Prisnivået på mat har auka med 30 prosent det siste året. Under ein global pandemi har altså prisane på mat auka med nærare ein tredjedel om vi ser verda under eitt. Som vanleg er det dei som har minst, som vert råka hardast.

Kvifor har dette skjedd? Den siste tida har vi gjeve koronaviruset skulda for det meste som har gått dårleg, og mykje som har gått bra. Men no er pandemien på retrett, og vi skal prøve å finne attende til vanleglivet. Kva vil skje no – med matvareprisane, til dømes? Kanskje er vi på veg til å oppdage at eit virus ikkje stod bakom alle problema vi møtte i 2020.

Ei av årsakene til at maten har vorte dyrare, er at gjødsla vi bruker for å produsere han, har vorte dyrare – også i Noreg: Ifylgje Budsjettnemnda for jordbruket har prisen på kunstgjødsel gått opp med mellom 17 og 31 prosent frå juli 2020 til juli 2021. I oktober auka Felleskjøpet prisane med ytterlegare mellom 5 og 17 prosent – før dei tysdag kveld bestemte seg for at dei ikkje vil selje meir gjødsel i det heile. Produksjonen i Europa er no så låg at dei i staden vil konsentrere seg om å levere det dei alt har selt.

Politikk på matfatet

Årsakene er mange. Nokre få av dei er koronarelaterte: Mellom anna ser mange land no samstundes at dei har trong for å opprette større matvarelager, noko som tek varer ut av marknaden.

Men mange har ingenting med korona å gjere: Som at Kviterussland står for 20 prosent av verdsproduksjonen av kalium, og at den politiske situasjonen der no er mildt sagt usikker. Vi har alt merka at energiprisane aukar kring­om i verda – og at gassprisane aukar, gjer det mindre lønsamt å produsere ammoniakk. Yara er blant produsentane som har redusert produksjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement