JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Frukostblanding

Det er ikkje berre i tillaginga at maten kan vere for rask. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tøft med gryn og mjølk: Her kan ein framleis sjå at korna er korn. Har det vorte for tøft for mange av oss?

Foto: Frank May / NTB

4396
20230922
4396
20230922

Ei skål, ei skei, eit mjølkeprodukt og gryn frå ein kartong eller ein pose – stort enklare måltid enn frukostblanding får du nok ikkje. Likevel kan det ligge lang og grundig forsking bak, og diskusjonane kring kor lurt det er å ete som du gjer, kan vere langt frå avslutta. Lat oss sjå nøyare på ei ny grein på grynstammen: den nye merkevara Havrering frå kornmerkevara Axa.

Produktserien kjem i to variantar: Havrering Naturell og Havrering Mandel & Hasselnøtt. Begge variantane har nøkkelholmerket som syner oss at styresmaktene har gått god for at dei er sunnare val, begge er merkte med «Fiberrik» på framsida av pakken, og i naturellvarianten er det 80 og i nøttevarianten 75 prosent fullkorn.

Kan det då vere noko meir å lure på, spør du kanskje? Er det ikkje opp og avgjort at dette er gode produkt?

Ultraprosessert

Vel, det siste året – ja, kanskje endå lenger – har debatten gått kring revideringa av dei nordiske kosthaldsråda. Kosthaldsråda frå styresmaktene gjev råd om korleis vi bør ete – fyrst laga i eit nordisk samarbeid, og så spesifisert i konkrete råd på nasjonalt nivå. Debatten har gått både kring kva som var med, som mange meiner ikkje burde vore der, nærare bestemt berekraftsmål for kjøt, og kva råd som ikkje er å finne i tilrådingane som mange meiner burde vore der. Og då er vi ved kjernen i dag: Det mange sjølverklærte ernæringsekspertar meiner burde vore ein del av kosthaldsråda, er jo ei åtvaring mot ultraprosessert mat.

Havreringane frå Axa er slike ultraprosesserte matvarer. For å lage grove havre- og kveitekorn om til mjuke, sprø ringar som nærast smeltar på tunga, er det nødvendig å bryte havren og kveiten opp i skikkeleg små bitar og lime dei saman att. Då får ein samstundes høve til å putte inn ikkje berre smaksstoff som sukker og aroma, men òg luft – slik at frukostblandinga vert lettare å ete. Vi må tygge mindre.

Dette er ikkje noko Axa har kome på av seg sjølv. Tvert om: Dette er matvitskap på høgt nivå, finstudert og utnytta av så vel junk food-bransjen som snacks-, godteri- og babymatbransjen i fleire tiår. Aller tydelegast vert gjerne konseptet i ostepop: Legg ein ostepop på tunga, og smaken eksploderer i munnen. Det som for ein augneblink sidan var hardt og sprøtt, vert borte på eit blunk.

Dette er vanishing caloric density – «forsvinnande kaloritettleik» på norsk. Og det forsvinnande kaloritettleik gjer, er å få oss til å ete meir, utan at vi kjenner oss mette verken fysisk eller psykisk: Når mat forsvinn fort frå munnen, tolkar hjernen det som at maten inneheld få kaloriar, og sender få mettimpulsar til nervecellene som kontrollerer appetitten vår.

Om maten vi et, er ostepop, pommes frites eller sjokolade, er det openbart ein dårleg ting. Men kva når maten vi et, i utgangspunktet er temmeleg sunn, slik havreringane til Axa må seiast å vere?

Litt flau frukostskål

Diskusjonen kring ultraprosessert mat har handla om mykje av dette – utan å heilt bruke desse orda. Vert råvarer mindre sunne av å verte brotne ned og sette saman att? Ein del tyder på det, både fordi ein øydelegg bindingar vi enno ikkje heilt skjønar, i råvara, og fordi ein ved å gjere visse næringsstoff meir tilgjengelege, endar med å få i seg meir kaloriar enn elles.

Eg skal ikkje konkludere. Det har eg ikkje kompetanse til. I staden kan eg nærme meg spørsmålet frå ein litt annan vinkel: Kvifor klarar vi ikkje ete havregryn i opphavleg form lenger?

Ja, for det er ingen tvil om at havregryn er sunt. Billeg er det òg – mange gongar billegare enn havreringane til Axa. Dersom vi verkeleg var så opptekne av dei to tinga vi stadig seier vi er opptekne av, å ete sunt og å ete billeg, burde det ikkje vere nokon marknad for Axa Havrering.

Sidan Axa langt frå er aleine om å produsere frukostblanding med forsvinnande kaloritettleik – vi har i årevis svelgt i oss Havrefras og Honnikorn, Cheerios og Fruitloops – er det mykje som tyder på at noko lettvint vert vektlagt i ikkje berre matlagingstid, men tyggetid på mange kjøkken, hotellfrukostar og kantiner kringom.

Når vi tenker slik på det, er det ikkje bitte litt flautt? Her sit vi, i Noreg, eit folk fôra fram på snerpete havregraut over generasjonar, og klarar ikkje eingong ete fint valsa havregryn lenger?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når mat forsvinn fort frå munnen, tolkar hjernen vår det som at han inneheld få kaloriar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis