Frå matfatet
Eple
Prosentar kan vere ei større utfordring enn oksygennivå for norske vintereple.
No held norske eple seg ferske heilt til våren. Men klarer dei konkurransen?
Foto: Frank May / NTB
Eit eple. Raudt, men ikkje knallraudt – spettete, farga av litt ujamn tilgang på sol. Søtt, men ikkje berre søtt – langt derifrå, eit norske eple er syrleg, men likevel langt ifrå surt, slik dei grøne Argentina-epla er. Balansert, kan vi seie. Og sprøtt. Knasande sprøtt og saftig, slik at fruktsafta reint faktisk kan sprute ut og gjere deg våt i andletet.
Slik hugsar vi norske eple, som ferskvare, og difor har vi vant oss til at norske eple berre er å få tak i på hausten, om lag fram til jul, og at vi må klare oss med import resten av året.
Heilt fram til no. For no lanserer Telefrukt, Nyt Norge og Opplysningskontoret for Frukt og Grønt vintereple: Ein ny lagringsmetode som erstattar oksygen med nitrogen, gjer at vi kan kjøpe norske aroma-, elstar- og rubinstep-eple i butikken fram til langt utpå våren.
Hurra og gode nyhende for så vel norske forbrukarar som norske eplebønder. Men norske eple har alt vore vinterlagra privat i mange år. Så lenge vi har dyrka eple her til lands, har vi hatt sortar som eignar seg for lagring. Kvifor har det tatt så lang tid å få dei ut i butikken?
Forbrukarmakta
Å senke oksygennivået på fruktlager er langt frå revolusjonerande. Nei, eg trur vi finn årsaka ein heilt anna stad: i tolltariffen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.