Frå matfatet

Eigne merkevarer

Det var dei gråsonene, då.

Her er utvalet stort. Det er vanskelegare å definere mangfaldet.
Her er utvalet stort. Det er vanskelegare å definere mangfaldet.
Publisert

Staten skal ta meir kontroll over daglegvarebransjen. Det vedtok dei ved alle høve 31. mai, etter eit representantforslag frå Venstre: «Stortinget ber regjeringen vurdere å senke terskelen for når aktører i dagligvaremarkedet anses som dominerende», heiter det i vedtak 604, medan vedtak 602 «ber regjeringen vurdere tiltak som bidrar til at matprodusentene får en rettferdig andel av verdiskapinga i verdikjeden for mat».

Og det er jo bra – samstundes er det vel det same som styresmaktene har sagt i eit tiår eller to. Kvifor kjem dei seg ikkje vidare?

Kan eitt av svara ligge i vedtak 611, der «Stortinget ber regjeringen utarbeide en mer presis definisjon på hva som regnes som kjedenes egne merkevarer (EMV), for å få en bedre oversikt over totalandelen i dagligvaremarkedet»?

Å definere problemet

Ja, for korleis skal ein løyse eit problem om ein ikkje har definert kva det er? Lat oss samle saman litt kunnskap.

I utgangspunktet skulle ein tru at EMV var ganske så rett fram: «Egne merkevarer er merkevarer som dagligvarekjedene eier og kontrollerer selv», definerer Norgesgruppen, enkelt og greitt. Varene Norgesgruppen syner til her, er dei vi oftast tenker på som EMV-varer: Norgesgruppen har First Price, Eldorado og Jacobs Utvalgte, Rema 1000 har Prima og eit merke som heiter Rema 1000, og det same har Coop, berre at her heiter det sjølvsagt Coop, i tillegg til at du her finn X-tra og Smak. Sidan kjedene eig merkevarene, er det dei som avgjer kva produkta skal innehalde og korleis dei skal sjå ut, og så leiger dei produksjonen av verksemder som driv med slikt. Dette kan vere verksemder som berre produserer EMV-varer, eller det kan vere fabrikkar som også produserer merkevarer vi alle kjenner, som Lerum fabrikker, samvirket Nortura eller meieriet Synnøve Finden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement