JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Egg

Egg treng ikkje påske for å få fin farge. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nei, det er ikkje påskeharen som har vore på besøk – dette har høna klart heilt sjølv.

Foto: pxhere.com

4118
20210507
4118
20210507

Utgangspunktet for spalta denne veka kan nok med rette kallast flisespikkeri. Men, som dei seier, djevelen ligg i detaljane, og når det er leiande kjøt- og eggprodusent Nortura som står bak brølaren, er det på sin plass å vente seg meir.

Høyr her:

Det handlar om egg. Nærare bestemt brune egg, som Nortura no har byrja å selje i eigne kartongar under konseptnamnet Prior Hønsegården. I omtalen av produktet på eigne nettsider skriv Nortura fylgjande: «Eggene er brune, rett og slett fordi de kommer frå brune høner».

Finn du feilen? Sjølv har eg tre svarte høner trakkande rundt i hønsegarden min. Dei legg ikkje svarte egg. Dei legg for så vidt ikkje kvite eller brune egg heller, men egg som er lyseblå. Det skal vi kome attende til – etter at vi har lært Nortura kva som gjer at enkelte høner legg brune egg.

Fargen ligg i øyret

Hønene som legg dei brune egga som hamnar i kartongane merkt med Hønsegården, er av hybridrasane lohmann brown classic og ISA brown – som er brune. Men at dei òg legg brune egg, er tilfeldig.

Dette tyder ikkje at du ikkje kan sjå på høna kva farge ho får på egga ho legg – men du må gå ein god del nærare innpå enn berre å sjå på fargen på fjøra: Du må rett og slett bretta fjøra høna har kring hovudet, til side, og kike inn i øyret. Der kan du kanskje sjå øyrebeinet, og om det er brunt, vert egga høna legg, brune.

Men det tyder ikkje at det er fargen på øyrebeinet som avgjer kva farge egget får. Igjen snakkar vi om eit reint tilfelle, men eit tilfelle som samsvarer. For kva farge egga til høna får, er sjølvsagt skrive i genane hennar.

Eggefargen er ein del av genotypen til høna, akkurat som fargen på fjøra eller blodtypen. Genotypen ligg lagra i DNA-et – inne i kromosomet i cellene – og er ikkje synleg: Om høna legg brune egg, er ho genotype brun. Men dei brune egga er fenotype brune.

Fenotype er altså eigenskapar ved eit individ vi kan observere direkte. Dei kan likevel ikkje alltid førast attende til genotypen: genotypen er oppskrifta, fenotypen er produktet, og vegen mellom dei to kan variere med genetiske kombinasjonar, uttrykk, og til og med miljø.

Og her er det dei lyseblå egga kjem inn att i forteljinga. Eg veit ikkje kva rase hønene mine er, bortsett frå at dei høyrer til fleire enn berre éin. Og i denne blandinga har det ein eller annan gong vore eit individ med genotype blå egg. Og så har det vore eit individ med genotype kvite egg, og så har dei to blanda seg, og vipps, så får eg plukke lyseblå egg kvar morgon.

Moralen

Nett det er sjølvsagt noko av moroa med å ha høner: å sjå kor ulike dei er. Den eine av dei tre svarte hønene mine har fjør på beina, ei anna svart kam, og den tredje er mykje flatare og lengre over ryggen enn dei andre to.

Slik har høner vore: like ulike som hestar, hundar og kattar. Men der vi blant selskapsdyra har sett verdien i å avle på ulikskapane, har vi avla produksjonsdyra motsett: Her er det mest rasjonelt at alle er heilt like – eller med høgst kosmetiske skilnader, som i kvite og brune fjør og kvite og brune egg.

Var det ein moral i denne historia? Det får vere heilt greitt at Nortura sel brune egg i eigne kartongar. Men dei lyt vere ærlege på at å skilje mellom brune og kvite egg frå hybridar ala opp av dei same oppdrettarane og elles har temmeleg like eigenskapar, berre er å skrape i den ytste overflata av det store hønemangfaldet som finst i verda – om vi ser forbi industriproduksjonen, som det er to store selskap som kontrollerer: Lohmann og Aviagen, som står bak lohmann brown og ISA brown, og dei er ikkje eingong rasar, men patenterte hybridar som berre eksisterer i ein eller to generasjonar.

I den opne, biologisk mangfaldige verda, derimot, finst det så mange hønserasar at ingen har tatt seg bryet med å telje dei. I Noreg er truleg kring 50 rasar i bruk i hobbyhushald, men i røyndommen der ute finst det mange, mange fleire. Heldigvis. Og alle har dei øyrebein, og alle legg dei egg, og somme er kvite, somme brune, somme nesten raude, somme blå og somme grøne. Heldigvis.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Slik har høner vore: like ulike som hestar, hundar og kattar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis