Edamer
Om osten er rund i kantane, er han seld i eit piggete system.
Edamer i Edam: Her kjem han opphavleg frå, juleosten vår, men no lagar vi han sjølve.
Foto: Wikimedia Commons
Edamer er ein fast kvitost. Ein temmeleg mild, men syrleg kvitost, med namn og opphav frå byen Edam i Nederland. Så kva har gjort nett denne osten til den store juleosten vår?
«Det er uvisst av hvilken årsak, men trolig på grunn av tidligere tiders røde voks», skriv Store norske leksikon, og slik ruslar vel edamer pent inn i rekka av juletradisjonar vi ikkje heilt skjønar kvifor vi har. Kvifor er det ein brun deig med mykje krydder i som skal kjevlast så tynn at han, dersom eigaren òg er innehavar av store mengder tolmod og stødige hender, kan brukast til å bygge husveggar og tak av, medan ei kvit deig som ikkje smakar nokon ting, skal kjevlast litt tjukkare og målast med konditorfargar som heller ikkje har smak? Fordi slik er det, nett no, og det gjer oss glade.
No vert ikkje edamer pakka i raud voks lenger, iallfall ikkje den edamerosten Tine lagar på meieriet sitt i Ørsta. Han vert pakka i raud plast, men er ikkje nokon dårlegare ost av den grunn. Med ein god del meir særpreg i smaken enn Norvegia, men likevel langt unna å skremme vekk nokon som helst osteluktfryktande grandonkel som kan tenkast å dukke opp på julefrukosten.
Og så så billeg, då, i det minste om du har ein Rema 1000 i nærleiken, for dei har kampanjetilbod på mengder med julevarer no. Ei av dei er edamer som ikkje lenger kostar 129 kroner, men berre 59,90. Sidan osten er 850 gram, vert det ein kilopris på 70,47 kroner.
Det er billeg, det. Nesten uforståeleg billeg, i det minste når ein veit at basisprisen Tine betaler for ein liter mjølk, er 4,47 kroner, og at det kjem ymse tillegg oppå der som gjerne gjer at mjølkeprisen endar nærare fem kroner per liter. Og når det går minst ti liter mjølk for å lage eitt kilo ost, er alt to tredjedelar av osteprisen unnagjord før ystinga i det heile er i gang.
Ymse billeg julemat
Sidan Edamer vert laga på delvis skumma mjølk, kan Tine tene fleire pengar på desse same mjølkeliterane – både fløyten som vert skumma av, og mysa som vert att etter ysting, gjev inntening. Likevel: Tine skal ha betalt for foredlinga dei gjer av osten, ystaren, emballasjeprodusenten og han som køyrer osten til butikken, skal ha betalt. Tine sel han vonleg ikkje vidare utan å tene nokre kroner. Med andre ord er det liten tvil om at Rema 1000 for tida sel Edamer med tap.
Ja, dei sel ymse julevarer med tap, trur eg, som Grans julebrus 1,5 liter til 6,60 per liter, eller Noras surkål med norsk kål til 27,11 kroner per kilo (målprisen på norsk kål er 7,47 kroner), eller Prima marsipan til 31,80 kroner per kilo.
Det er jo flott at maten er billeg, er det ikkje, for oss som slit med straumrekningar og koronapermitteringar og alt mogleg. Jau, om han verkeleg hadde vore det, då.
«Reitan-familien med massiv inntektsøkning i koronaåret», skriv Nationen, og syner til at Rema 1000-sjef Ole Robert Reitan auka inntekta si med 56 prosent til 162 millionar kroner i 2020. Og resten av Reitan-familien, og familiane bakom Norgesgruppen og Bunnpris, «opplevde store formuesøkninger».
Det er ikkje fyrste gong. Daglegvarekjedeeigarane er på topp fem og ti kvart einaste år lista over dei rikaste i Noreg vert publisert.
Forby sal med tap
Det må dei ha lov til, så klart. Men eg lurer òg på korleis dei klarer å tene så mykje, samtidig som priskonkurransen er så kraftig, som dei seier, og dei sel viktige sesongvarer med tap i butikkane sine. Det tener dei jo ikkje pengar på?
Nei, dei tener nok pengar på heilt andre varer, varer vi kjøper utan at dei er med i kampanjekatalogane. Og kva varer som vert selde til kva forteneste, det får ikkje vi forbrukarar vite, for det er forretningsløyndommar. Korleis skal vi vere medvitne forbrukarar då, når vi ikkje kan vite om dei ekstra kronene vi brukar på å kjøpe til dømes norske tomatar, går til norske tomatprodusentar eller til Rema 1000 for å tene inn tapet dei har på marsipan?
Slik kan ein liten edamer skape mykje hovudbry. Det trur eg han gjerne skulle sloppe. Og ein enkel måte han kan sleppe det på, er om norske politikarar syner mot nok til å forby sal av mat med tap. Det ynskjer eg meg for 2022.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

To tredjedelar av osteprisen er unnagjord før ystinga i det heile er i gang.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»