JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Dyrevelferd

Dyr skal ha det bra, men det er mange omsyn å ta. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mareritt for dyrevelferda: 6000 grisar måtte deponerast etter utbrot av afrikansk svinepest på eit slakteri i Hong Kong i 2019.

Foto: AP Photo / Kin Cheung

4178
20231020
4178
20231020

Høyr på dette: «De fleste driftsformer for produksjonsdyr har blitt etablert og utviklet uten at det er tatt tilstrekkelig hensyn til dyrevelferden. Det har vært begrenset rom for dyrs egenverdi og naturlige atferd i industrielle driftsformer som skal sikre høy og effektiv produksjon. Selv om ny kunnskap og endrede holdninger i samfunnet taler for vesentlige endringer i favør av dyra, kan ofte tunge næringsinteresser begrense prioritering av dyrevelferd. Lav pris viser seg også å være viktigere enn god dyrevelferd for folk flest når de handler mat, til tross for at holdningene som uttrykkes i ulike spørreundersøkelser viser stort ønske om god dyrevelferd.»

Ja, det er eit langt sitat. Kven er det som har skrive det, trur du? Eg kan avsløre at det er del av eit innspel levert til arbeidet med ei stortingsmelding om dyrevelferd som regjeringa har tinga, men enno ikkje avslørt nokon lanseringsdato på. Arbeidet vart starta i september 2022, og det har vore gjennomført tre innspelsrundar.

Tilsynet slår i bordet

Men altså: Kven har skrive det? Er det Dyrevelferdsalliansen, NOAH eller Dyrebeskyttelsen som meiner tida er moden for vesentlege endringar i levekåra til produksjonsdyr? Nei, det er opninga på innspelet frå Mattilsynet.

Det statlege forvaltingsorganet for (mellom anna) dyrehelse – dei som har beredskap, forvaltar og rettleier regelverk, fører tilsyn og gjev faglege råd – meiner dei fleste driftsformer i jordbruket driv utan nok omsyn til produksjonsdyra.

Å gå så høgt ut mot eit system løner seg helst om det vert følgt opp med tiltak for å betre det same systemet. Sjølv om innspelet ikkje er meir enn sju sider langt, er Mattilsynet temmeleg konkrete også her. Mellom anna foreslår dei mål om 50 prosent reduksjon i smittepress frå lakselus, å greie ut utandørsområde i svinehaldet for å dekke trongen grisen har til aktivisering, og å fase ut dei raskaste veksande kyllinghybridrasane (i praksis ross 308).

Gjev det å vere nasjonalt tilsynsorgan Mattilsynet nok tyngde til at desse tiltaka vert gjennomførte? Det felles innspelet frå faglaga Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ser noko annleis på ein del saker og ting – mellom anna at «et generelt regelverkskrav om tilgang til uteareal» for gris er «uønsket og urealistisk».

Faglaga held att

Faglaga grunngjev dette med omsyn til både dyrevelferd, berekraft og høve til å drive svineproduksjon i heile landet heile året. Og ja: Ein gris som kan gå ute og grave i bakken, vil ete meir fôr per kilo produsert svinekjøt enn ein gris som står i ro inne på betong. Rekna per kilo vil altså utegris gå utover berekrafta.

Med den ekstremt smittsame og dødelege afrikanske svinepesten laus i Sverige, kan det vere tunge tider for å argumentere for utegåande husdyr i det heile. Svinepesten drap 60 prosent av slaktegrisane i Kina og er ei viktig årsak til at landet i staden no satsar på svinefabrikkane Nationen omtalde nyleg: På eitt og same anlegg – i fem etasjar – skal Muyuan Foods slakte 2,1 millionar grisar kvart år. Alt fôr vert sterilisert.

Kor mykje antibiotika som vert brukt førebyggande for å halde grisane friske, seier Nationen ingenting om. Kan hende er det ikkje naudsynt. Kan hende er dei kinesiske blokkgrisane friske som fiskar (så lenge det ikkje er norske oppdrettsfiskar det er snakk om). Det er uansett langt frå Noreg til Kina – heldigvis.

Vi kan velje middelvegar. Vi treng ikkje påtvinge grisebønder i Hammerfest (om dei finst) å halde grisar ute den tida det er så kaldt og surt at grisane tek skade av det. Men vi kan òg anerkjenne at helse er meir enn fråvær av sjukdom, også for dyr og fisk. At vi i Noreg har lovfesta eigenverdi og naturleg åtferd, må vi framleis vere stolte av. Det inneber også å anerkjenne at den tryggleiken og trivselen dyr har, er ein lovfesta rett som både kan bety å halde dei innesperra, eller sleppe dei laus, alt etter situasjonen.

Nei, å maksimere dyrevelferd er ikkje lett. Men å erkjenne at vi per i dag ikkje er gode nok, er ein god stad å starte.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Lav pris viser seg også å være viktigere enn god dyrevelferd for folk flest når de handler mat.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis