«Det er høgt trykk på proteinbarfronten for tida.»
Dette er ein bar, men er det ein sjokoladebar til laurdagskvelden eller ein proteinbar til treningsøkta?
Foto via Wikimedia Commons
Har du fått med deg at ein proteinbar er noko anna enn ein energibar? Om du er ein som brukar slike i treningsregimet, fordi du vil få i deg nok protein for optimal muskelvekst etter ei treningsøkt, så har du det. Med ein proteinbar skal du i berre nokre få munnfullar få i deg dei mellom 10 og 20 gram protein som kroppen visstnok treng for å få til optimal restitusjon.
Sjølv må eg vedgå at det er ganske kort tid sidan eg oppdaga at proteinbar var eit alternativ på daglegvarebutikken min.
Eg er kanskje litt gamaldags. Når nokon seier protein, tenkjer eg fyrst og fremst på kjøt. Og egg og mjølkeprodukt, kanskje. Og bønner, linser og erter. Salte middagsprodukt. Proteinbarane ser jo ut som sjokolade. Kva er dette for noko, eigentleg?
Det korte svaret er at det er sjokolade – med søtstoff i staden for sukker og ekstra protein frå mjølk eller andre kjelder. Ein Maxim Proteinbar Salty Caramel, til dømes, inneheld 31 prosent mjølkesjokolade med søtstoff, endå meir søtstoff og protein frå mjølk, soya og hydrolysert kollagen. Det siste er beinvev som er handsama med vatn på ein måte som gjer at dei harde proteina vert tilgjengelege som aminosyrer.
Søtstoffa er to variantar av maltose – maltitol og maltitolsirup. Begge vert framstilte ved at maltose, som er ei form sukker tar medan stivelsen vert broten ned, vert utsett for høgt trykk og temperatur.
Med andre ord må det ei heil rekke industrielle prosessar til for å lage Maxim Proteinbar.
Fullt trykk
Det same kan seiast om konkurrenten Barebells. Barebells’ proteinbar med smak av Chocolate Ball har rett nok mjølkeprotein øvst på innhaldslista, men allereie som nummer to kjem fyllstoffet polydekstrose.
Polydekstrose er endå eit stoff som er avhengig av høgtrykk for å eksistere: Sukkeret glukose vert utsett for ein polymeriseringsprosess, som i korte trekk betyr nettopp høgt trykk og temperatur, for å verte det lågkaloriske søt- og fyllstoffet polydekstrose.
Er dette høge trykket gjennomgåande?
Hovudingrediensen i Propud Smooth Caramel Proteinbar er rett nok søtstoffet sorbitol, som vert vunne ut av glukose gjennom ein enzymatisk prosess. Men neste ingrediens på lista er dekstrin, som – kan vi høyre på namnet – er ein nær slektning av polydekstrose.
Ja, det gjeld å halde tunga rett i munnen. Dette er kompliserte greier. Kan det verkeleg vere sunt? Er det eigentleg mat i det heile? Må det vere så komplisert å få musklar til å halde seg i form etter trening? Det må då vere mogleg å få i seg like mykje protein gjennom vanleg, råvarebasert mat?
Gamle godar
Eg går inn på Matvaretabellen, oversikta Mattilsynet har laga over næringsinnhald i 2049 ulike matvarer. Med blankt søkefelt sorterer eg resultatet etter proteininnhald per 100 gram vare.
Øvst på lista kjem gelatinplater og -pulver, med 85,6 gram. Det har eg ikkje lyst til å ete. Men alt neste punkt på lista – tørrfisk – kan eg vere med på: Å sitte på eit skjer og banke tørrfisk med ein stein og maule er triveleg sjølv utan å tenkje over at ein får i seg 78 prosent protein.
Likevel er det femteplassen på lista eg får aller mest trua på som den neste supermaten. Med 54 gram protein per 100 gram vare ligg han skyhøgt over kvar proteinbar eg nokon gong har sett. Han er mager og er gjennom forsking funnen å redusere både blodtrykk og kolesterol, og han har si eiga veneforeining og sin eigen årlege festival. Då må han vel vere god som gull?
Eg snakkar sjølvsagt om gamalosten. Eit par gode tugger av den halvsirkelforma, magre muggosten burde vere nok til å tilfredsstille dei fleste muskelgrupper.
Då kongeparet besøkte Vik kommune i 2002 fekk dei denne boksen med gamalost i gåve frå Tine Meierier i Vik.
Foto: Erlend Aas / NTB
Likar du ikkje gamalost, seier du? Det er ei vanesak, seier eg då. Men om du insisterer, kan eg avsløre at både pultost, nøkkelost og parmesan ligg godt over dobbelt så høgt på proteininnhald som proteinbarane gjer. Det same gjer tørka reinskjøt, graskarfrø og spekeskinke. I tillegg er dei truleg billegare: 780 kroner per kilo kosta Barebells Salty Chocholate på den lokale Coop-en min i førre veke. Så mykje er ikkje dei stakkars musklane mine verde.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.