Frå matfatet

Cheddar

Sjølv i den litt juksete kategorien er det store skilnader.

Oransje eller kvit: Cheddar kjem i fleire fargar, men skilnader mellom variantane kan òg vere meir løynde.
Oransje eller kvit: Cheddar kjem i fleire fargar, men skilnader mellom variantane kan òg vere meir løynde.
Publisert

Lat oss slå fast kva matspalta denne veka ikkje er: ein tekst om opphavet til den tradisjonsrike, britiske osten cheddar. Det er heller ikkje ein tekst om det rike livet denne somme gonger oransje, alle gonger velsmeltande ostetypen framleis har i mange, små handverksysteri.

Det er likevel ein tekst om cheddar – nærare bestemt dei fem typane skiva cheddar eg finn i hyllene på Coop Mega. Dei er alle saman industrielt produserte; ingen av dei er handverksysta. Men likevel er det store skilnader på dei.

Fire frå botnen

Vi byrjar på botnen: For om Coops Vegetardag Skivet Cheddar har gjeve seg sjølv lov å kalle seg cheddar, kan dei ikkje kalle seg ost. Ost er nemleg definert som «det ferske eller modna produktet som vert oppnådd ved koagulering og fjerning av myse frå mjølk», og i dette produktet er det ikkje ein mjølkedrope å finne. Skivene er laga med stivelse av potet og tapioka kombinert med kokosolje og smaksstoff.

Litt meir ysting er det bakom dei to neste variantane, men La Vache qui rit – den leande kua – og Coops EMV-variant Skivet Cheddar er begge smelteostar.

Langtidshaldbar smelteost er av dei mindre kjende, norske oppfinningane. Det var Olav Kavli som i 1924 var den fyrste til å lansere ei blanding av ost, vatn, mjølk, fløyte og særlege smeltesalt som gav ein haldbar, smørjemjuk ost: Ein fast ost vert rett og slett smelta og blanda med mjukare ingrediensar. I desse to cheddarvariantane dreier det seg om høvesvis 30 prosent (Coop) og 25 prosent (La Vache qui rit) cheddar. Resten av innhaldslista er andre meieriprodukt og tilsetjingsstoff.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement