JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Bakeri

At smått er godt, gjeld ikkje minst i bakebransjen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det var kø på dette oslobakeriet i 1956. Kvardagen er truleg ein annan no.

Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB

4228
20210702
4228
20210702

Kva er den viktigaste sommarmaten? Er det iskremen, som er vorten så obligatorisk at samferdsleminister Knut Arild Hareide rett og slett oppmodar oss om å «stoppe og ta ein is» dersom bilferien vert for stri? Er det grillpølsa, rekene, makrellen eller jordbæra, eller er det rett og slett den kalde pilsen ein kan ta altfor tidleg på dagen fordi det er ferie?

Nei, her er det umogleg å sette to strek under noko svar. Sommarmat er individuelt – for det handlar jo fyrst og fremst om minne, gjer det ikkje?

Sjølv veit eg kva som er mitt sterkaste sommarmatminne: Å stå opp sånn akkurat passe tidleg og vere akkurat passe stor til å kunne sette seg på den gamle, girlause sykkelen og sykle dei få minuttane bort til bakeriet, som er lite og triveleg og luktar godt på lang avstand, og fylle korga sommarsykkelen sjølvsagt har, med ferske rundstykke, wienerbrød og kanskje ein bagett, og sykle attende. Sola er alt varm, grusvegen er flat og rett, og langs vegen er det kornåkrar og sanddyner.

For dette minnet er altså ikkje norsk – det er frå Danmark. Det finst sjølvsagt stader ein kan sykle til bakeriet om morgonen i Noreg òg, men eg har aldri feriert nokon slik stad.

Hoffbakeria

Det inneber ikkje at vi ikkje har små, koselege og dyktige bakeri i Noreg, for det har vi så absolutt – Bakeri-Noreg er sett saman av kring 600 verksemder. Men bransjen er styrt av nokre få. 6 prosent av aktørane styrer 63 prosent av marknaden, fortalde direktør for Baker- og Konditorbransjen Landsforening, Gunnar Bakke, på eit seminar i regi av Dagligvareleverandørenes forening (DLF) nyleg.

Er det noko gale i det, då? Om nokon skal vere små – som vi gjerne vil at dei koselege nærbakeria skal vere – må jo nokon andre vere store? Nokon må jo stå for bulkproduksjonen og lage kvardagsbrødet?

Ja, kanskje. Men kva tid kjem vi dit at dei store konkurrerer ut dei små? Om vi skal tru bransjen sjølv, er vi no ganske så nær: «Vertikal integrasjon rammer hardt», ifylgje Gunnar Bakke.

Vi har tre daglegvarekonsern – Norgesgruppen, Reitangruppen og Coop – og dei har kvart sitt bakeri knytt til seg: Norgesgruppen eig Bakehuset, Coop eig Goman, og Mesterbakeriet er eigd av Felleskjøpet og Fritt ord, men leverer utelukkande til Rema 1000. Desse tre stod lenge for 99,9 prosent av alt daglegvaresal i Noreg. I fjor bikka dei for fyrste gong ei magisk grense: Alle slakteutsal, fiskeutsal, spesialbutikkar, delikatesseforretningar og bakeri samla er no så små at dei ikkje lenger utgjer 0,1 prosent av salet. Dei tre store dekker no 100 prosent.

Det vi mistar

Når kvart konsern har sitt bakeri, seier det seg sjølv at det er det bakeriet dei helst handlar med. Det vil ikkje seie at alt vert baka på same stad – Bakehuset har elleve lokalbakeri og Mesterbakeren ti. Men det vil seie at det vert vanskeleg for småbakeria å få levere til lokale butikkar – og å overleve i det heile.

For lat oss vere ærlege: Ferien er kort og kvardagane er mange, og kor mange butikkar orkar vi å gå i ein mørk og svolten novembertorsdag? Er vi ikkje takksame dersom vi får alt på ein stad?

Halvparten av bakeria i Noreg har vorte vekke sidan 1970. Ansvaret for det må vi dele mellom oss forbrukarar, ein daglegvarebransje som ikkje tek ansvar for andre enn seg sjølv, og politikarar som ikkje vågar å regulere bransjen.

Men kva med konsekvensen? Kva er det vi mistar når vi mistar dei små? Når Gunnar Bakke kallar dei små, uavhengige «fanebærere for faget», er det ikkje berre av nostalgi, men av erkjenninga at små bakeri tek vare på handverkstradisjonar store industribakeri aldri kan vidareføre. Bakemaskiner er vel og bra, men mistar vi det profesjonelle handlaget, mistar vi noko heilt anna – mellom anna høvet til å lære det vidare til nye generasjonar bakarar. Vi mistar mangfaldet og dei lokale tradisjonane.

Heldigvis er vi ikkje der enno. Vi har ikkje mista noko for godt. Vi er berre veldig nær. Så kanskje skal forsettet – både det for ferien og det for kvardagane etterpå – vere å ta seg tid til å sjå etter og ikkje minst bruke dei lokale bakeria vi enno har. Det ville vore for gale om dei skulle verte dei siste.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Halvparten av bakeria i Noreg har vorte vekke sidan 1970.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis