JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Alkohol

Vi har gode alternativ til alkohol her i landet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi gler oss til å skåle att. Men må det alltid skålast i alkohol?

Foto: Pxhere.com

4139
20210423
4139
20210423

Kanskje skal vi ikkje gjere det akkurat no. Vi har framleis nok å stå i. Men eg trur vi kanskje, etter at pandemien er over, men med erfaringane frå han friskt i minnet, skal ta ein liten prat om kor avhengige vi som samfunn er av alkohol.

Når vi må skyve rusavhengige framfor oss for å karakterisere vinmonopol som kritisk samfunnsfunksjon, meiner eg. Og når restaurantar med skikkeleg god, gjennomarbeidd mat ikkje klarar å halde ope om dei ikkje får selje øl, vin og brennevin til måltidet. Er samfunnet vårt på veg å utvikle eit alkoholproblem?

Skadeomfanget

Denne spalta tek føre seg konsekvensar av matproduksjon og -konsum. Kva ein global matmarknad har å seie for arbeidsforhold i råvareleverande land, til dømes, eller korleis monokulturar påverkar matjorda vår.

Men kva med samfunnskonsekvensar av rusmiddelet alkohol? Éin ting er det å vere avhengig – ifylgje WHO døyr kring tre millionar menneske i året på grunn av alkohol. Men i ei undersøking publisert i Noreg i 2016 rapporterte 17 prosent om problem knytt til andre si drikking i løpet av det siste året – og langt ifrå alle problema var knytte til det vi tradisjonelt ser på som misbruk.

Eg har skrive mykje om helsekonsekvensar av usunn mat, men mindre om at eit gjennomsnittleg norsk alkoholforbruk faktisk er helseskadeleg. Å drive med såkalla stordrikking – minst fem alkoholeiningar etter kvarandre – gjev størst auke i risiko for både forgifting og det å verte utsett for vald eller ulukker. Tre einingar per dag set spor i indre organ. To einingar om dagen er knytt til kreftformer som mellom anna tjukktarmskreft, leverkreft og strupekreft.

Dei kvite blodcellene er viktige delar av immunforsvaret vårt, og alkohol kan sette ned arbeidskapasiteten deira eitt døger etter inntak. Og om du skal trene, vil det å ha alkoholrestar i kroppen påverke karbohydratomsetninga, påverke væskebalansen og svekke motorikk og teknikk.

Mange gode val

Éin ting hadde vore om vi ikkje hadde alternativ – om det einaste vi kunne drikke til god mat, heime eller ute på restaurant, var vatn eller sukkerladd brus. Slik var det kanskje for ikkje så mange år sidan, med alternativ som Munkholm eller alkoholfri vin som enten smakte saft eller eddik.

Men no er vi ikkje der lenger. Medan eg skriv no, sit eg og nippar til ei flaske Hagen 02, frå det vesle, men glitrande Oslo-baserte bryggeriet Villbrygg. Hagen 02 er brygga på eple, tunbalderbrå (ein slektning av kamilleblomen) og bjørkeblad. Eg er ingen ekspert, men ville ikkje nølt med å servere denne friske, sprudlande drikken til steinbit, ein pastarett med skaldyr eller til taco, for den del.

Villbrygg «lager kom­-
promissløs alkoholfri drikke ved å fermentere blant annet urter og nordiske ville vekster». Dei sender produkta sine over heile landet gjennom nettstaden Lokalbrygg.no, som òg har mykje anna spanande på alkoholfrittmenyen sin: Frå hardangersider via ingefærøl til mørk stout frå Nøgne Ø.

Nei, barrieren, han bur nok mellom øyra våre. Sjølv har eg lenge hatt ei slik tankesperre mot heimefermenterte drikkar med unorske namn som kombucha og vasskefir. Eg har vore klar over at dei begge er verken meir eller mindre enn bakterie- og soppkulturar som gjev smak til ulike væsker gjennom fermentering – om lag som gjærsoppen ein tilset øl, sider eller vin. Likevel har det vore noko skammeleg, noko altfor tett knytt til alternativmiljø eg ikkje kjenner meg heime i, kanskje, knytt til å ha kombuchakulturar i kjøleskapet.

For ein månad sidan møtte eg desse fordommane andlet til andlet, og eg ser meg ikkje attende: Min favoritt vart vasskefiren, ein fermenteringsmetode som det tek berre fem minutt å sette i gang. Etter to dagar er han drikkande, og han kan varierast i det uendelege med frukt og bær, saft og urter.

Slik, og på så mange andre måtar, kan den alkoholfrie drikkemenyen fort verte like spanande som den alkoholhaldige. Vi må berre våge å prøve – og ikkje rynke på nasen over at Villbrygg kostar nokre tikronarar meir enn Urge. For eg kan love deg: Det er han verdt.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eit gjennomsnittleg norsk alkoholforbruk er faktisk helseskadeleg. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis