Frå historia
Urmakaren Gud
Christopher Polhem (1661–1751), «den svenska mekanikens fader».
På 1600-talet byrja naturvitskapen å bryte seg inn i den europeiske tanken på dramatisk vis. Nye funn og påstandar truga gamle tankebygningar, ikkje minst dei gamle tankane om naturen, om skapinga og skaparverket. Det vart heite diskusjonar. Mykje stod på spel. Verdsbiletet var i endring.
Talsmennene for rådande tankane om naturen, som først og fremst bygde på forteljingane i Bibelen, gjekk i forsvar. Og forsvaret var kløktig. Forsvaret var ein teologi som fekk namnet fysikoteologien. Oppgåva var å avdekke Guds eksistens og stordom ved å avdekke hans spor og gode tankar i den naturen og i den verda han hadde skapt.
Grunnboka, Physico-Theologie, kom i 1713, skriven av Wilhelm Derham, urmakar og medlem av vitskapsselskapet, Royal Society. Han prova at verda, fordi ho var så perfekt, var verket til ein guddomleg urmakar. Statistikken som fag var akkurat fødd, og Derham påviste med fryd at forholdet mellom menn og kvinner i samfunnet var 14:13. Dette var nyttig for krigsforsyningane, for flåten og andre formål, og måtte då sjølvsagt vere «eit verk av han som regjerer over heile verda». Det var også i pakt med Guds gode orden at de var fleire farlege og giftige kryp i heidne land enn i kristne.
Vitskapens oppgåve var å vise kor klokt Gud hadde tenkt, kor perfekt alt var. Skaparverket skulle, med vitskapens hjelp, vitne om Guds stordom og velde, og såleis verne han mot trugsmålet frå den nye vitskapen. Ein av dei mest aktive her var Isaac Newton, som la ned eit stort arbeid i å forsvare skapingssoga i Bibelen, bokstav for bokstav. Og han justerte all historie mot bibelforteljingane, som var overordna all anna historie. Hendingar i romersk og gresk historie vart nådelaust flytta på.
Christopher Polhem er rekna som eit av dei største genia i svensk teknologisk historie. Han laga gruvemaskinar, kanalar og mykje anna, ein del av det er først tatt i bruk i moderne tid. Han var svært opptatt av kva andre vesen som kunne finnast i universet, på andre himmellekamar, og han la eit stort arbeid i å utforme eit språk dei ville forstå om dei skulle dukke opp her hos oss. Han var også fysikoteolog, og tenkte mykje om politikk og teologi. I ei avhandling diskuterer han politiske styringsformer, også kva Gud kan ha tenkt om det før syndefallet øydela alt. Og Polhem finn så mykje kløkt i bikuben at vi må kunne tenkje oss at den var Guds styringsmodell for Paradiset. Biene arbeider ivrig saman for det felles beste utan at det er nokon slavedrivar å sjå. Dei er gode mecanici ved det at dei forstår å setje kubane så langt frå kvarandre at alle får mat og plass. Og dei er gode mathematici ved at dei nyttar den mest fullkomne figuren som finst, nemleg sekskanta kister som gir mest rom med minst byggemateriale, samtidig som desse kistene kan stablast slik at dei samla tek liten plass. Og dei er gode chymici ved at dei lagar eit byggemateriale til desse kistene som ikkje rotnar, og legg ein mat i dei som ikkje myglar.
Hos biene finn vi alt som høyrer til i eit fullkome samfunn. Det var noko slikt Gud hadde i tanken før syndefallet slo alle planane over ende. Bikuben ber minnet om Guds gode tankar. Polhem var mekanikar, matematikar, kjemikar og mykje meir, og han mobiliserte kunnskapen sin til forsvar for Gud, som ein god fysikoteolog.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.