Ufred i Guds hus
Patriark Kirill av Moskva under den ortodokse julegudstenesta 6. januar i år.
Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTB
«Fred på jorda», song englane på Betlehems-
markene. Freden lét vente på seg. Den rørsla, kalla kyrkja, som den nyfødde kom til å skape, vart full av strid, alt i aposteltida.
Det vart strid om Jesu guddom og menneskevesen, om bruk av bilete i gudsdyrkinga, om kristen lære og mykje meir. Mange av stridane vart blodige, med den politiske makta som aktør.
Då det første tusenåret etter Jesu fødsel var over, kom det store skismaet. Kyrkja vart kløyvd. Kyrkja i aust nekta å bøye seg for paven i Roma, og i 1054 vart den gresk-ortodokse kyrkja i aust ei sjølvstendig kyrkje. Det var ikkje lenger berre ei kyrkje.
Men det var ikkje over med det. I vestkyrkja gjorde Luther opprør mot paven og gjorde individet sjølvstendig i forhold til Gud. Og vestkyrkja vart delt i protestantar og katolikkar.
Dette utløyste mykje strid. Religionskrigane er av dei styggaste kapitla i europeisk historie, i Spania, i Frankrike, i England og Tyskland.
Ved freden i Westfalen etter trettiårskrigen vart dei europeiske statane samde om at statane ikkje skulle bry seg med kva folk i andre land trudde. Freden la seg ikkje over Europa, men dei blodige religionskrigane dabba av.
Men uroa var ikkje over. I protestantismen steig det fram nye religiøse rørsler med eigne tankar om det meste: om Bibel og sakrament, om livet etter døden, om det som trua handla om... Og nye kyrkjesamfunn dukka opp, i hopetal. Kor mange organiserte kyrkjesamfunn vi i dag har i Vesten, med eiga lære, er det knapt nokon som veit.
I mellomtida dreiv den nye austkyrkja med sitt, som vi visste lite om, langt borte som dei var. Ukraina-krigen har gitt oss innsyn i kva dei har drive med dei siste hundreåra.
18. juni fortel professor Vebjørn Horsfjord om den splitta ukrainske kyrkja. Ho har vore splitta lenge, men det toppa seg i 2019.
Den russiske patriarken Kirill ser på seg sjølv som leiaren for dei ortodokse i verda – paven deira, for å seie det slik. Rivalen er patriark Bartolomeus av Konstantinopel. I 2019 godkjende Bartolomeus ei eiga kyrkje i Ukraina, som konkurrent til den kyrkja Kirill hadde der. Kyrkja i Ukraina vart delt.
Sidan har patriark Kirill ført ein intens kamp mot Bartolomeus og alle ortodokse kyrkjeleiarar som støttar han. Dei er skismatikarar, eit stygt skjellsord i kyrkjehistoria, utanfor det etablerte kristne fellesskapet.
Så har dei to patriarkane hamna på kvar si side i ein blodig krig.
Det er også, kanskje først og fremst, ei usemje om historia, om kristendommen, Russland og Ukraina, om å tolke Guds vilje her og no, om å mobilisere Gud på si side i krigen.
Og Gud lèt seg mobilisere, på begge sider, som han alltid har gjort. Og han teier.
Det ser ut til å vere ein vane gudar har.
I islam driv sjiamuslimar og sunnimuslimar og plagar kvarandre, alt etter kven som har den politiske og fysiske makta.
Og Allah teier.
Jorda ser ut til å vere ein utrygg og utriveleg stad for gudar og gudstru. Om dei vil eller ikkje, blir dei innblanda i dei konfliktane som stendig herjar på jorda.
Og allmakta ser ut til å vere til lita nytte.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.