Frå historia

Skal det vere eit bedehus?

Publisert Sist oppdatert

Eit ektepar på Bjergøy i Ryfylke kjøpte nabogarden. Han var for sal, og kjøpet ville utvide den dyrka jordvidda monaleg. Den nye garden var på 335 dekar, av dei 130 dekar dyrka jord.

Det dei ikkje hadde tenkt på, var at det følgde eit heilt intakt bedehus med handelen. Bedehuset Betania, bygd i 1922, ligg på garden.

Journalist Rune Nedrebø i lokalavisa Øyposten i Ryfylke skriv om denne hundre år gamle samlingsstaden for sterk gudstru. Dei som ein gong sokna til bedehuset, er no borte. Og i avtalen for bedehuset står det at grunnen skal falle tilbake til garden dersom bedehuset ikkje lenger er i bruk.

Og no er bedehuset ikkje lenger i bruk, og dei nye eigarane på garden sit og eig eit bedehus. Det er i bra stand, med kjøkken, to enkle toalett og eit bårerom. I «litlastova», eit tilbygg, heng det eit bilete av «det siste måltidet».

I hovudsalen ligg salmebøkene fint stabla under talarstolen, trøorgelet står i kroken sin. På frontveggen heng måleriet «Kristus oppstandelsen», av sjernarøybuen Magne Hauge. Og på kjøkkenet er det koppar, tallerkar og dekkety til ei heil forsamling. Og møtesalen er heilt intakt.

No sit dei nye bedehuseigarane og funderer på kva dei skal nytte all denne herlegdommen til. Vandreheim for turistar som kjem til Sjernarøyane med sykkel eller motorsykkel? Ein frysar med enkle matvarer som folk kan kjøpe? Eit par soverom? Eit biletgalleri med bilete frå livet i det gamle bedehuset?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement