Frå historia

Sjørøveriet

Kaptein Lambart kasta 125 fangar på sjøen, bakbundne, før han kom til Alger med seks skip, og fleire dingla frå rånokken, som vi ser på denne illustrasjonen frå 1684. Følgjeteksten lèt oss forstå at fangane her representerer piratane og kaptein Lambart den hollandske sivilisasjonen, i fall nokon skulle kome i skade for å tru at det er motsett.

Publisert

Sjørøveri, å rane sjøfarande for skip og annan eigedom, er ei gammal næring, driven på mange hav og av ulike folkeslag. I dag er sjørøving brot på folkeretten, og internasjonale avtalar slår fast at alle statar skal samarbeide om å stanse sjørøveri.

Dette er relativt nytt.

I historia har sjørøveriet vore sterkt innblanda i dagleg utanrikspolitikk.

Den store nordiske dronninga, den første Margrete, sleit med å halde hanseatane under kontroll. Når dei vart for nærgåande og mektige, la ho den danske marinen til land, slik at dei fritt kunne herje med hanseatane. Då mjukna dei.

Etterfølgjaren hennar på trona, Erik av Pommern, la seg ut med dei mektige og rømde til Gotland, der han slo seg ned som sjørøvar. Gotland var eit sjørøvarreir.

Hovdingen Olav Nilsson frå Talgje i Ryfylke vart i 1438 høvedsmann på Bergenhus festning, den viktigaste stillinga på Vestlandet. Hanseatane hadde eit gammalt agg til han, og dei gjekk på han med våpen. Både han, den fireårige sonen og biskopen i Bergen vart drepne. Ettertida har meint at kongen var medskuldig i det som hende, hanseatvenn som han var. Ved sida av at alt på heimegarden hans vart rana, tok kongen også Ryfylke len frå kona hans, Elitsa, ei adelsdotter frå Skåne. Det var meir enn ho ville finne seg i, så ho starta kapertrafikk, sjørøveri, mot hanseatane saman med sønene sine. Garden Gard på Talgje, der dei budde, var då i mange år eit sjørøvarreir.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement