Frå historia
Sansane taper
Den vidkjende Flat Jord-skildringa i Flammarions naturvitskaplege verk frå 1888, «L’atmosphère: météorologie populaire».
Historia er ei grenselaus og endelaus mengd informasjon, samla opp gjennom uendelege tider. Historia er eit kaos. Skal historia forståast, og kanskje til og med gje noko som liknar ei meining, må stoffmengda ordnast og sorterast på eit eller anna vis. Det er det historikarane prøver på.
Når historikaren legg fram funna sine, dukkar nye spørsmål opp. Kven er han? Kva var det han leita etter i dette enorme materialet? Korleis forstår han historia? For nokre handlar historia om Guds styrande hand. For andre handlar ho om klassekamp. For atter andre handlar ho om teknologisk utvikling. Andre prøver å rette opp gamle urettar frå fortida, og bytte om på helte- og skurkerollene. Av dette blir det ulike historier. Og det gjer at det er klokt å skaffe seg kunnskap om historikaren før vi går laus på historia hans. Oppsamla kunnskap gjer at vi les Snorre Sturlason annleis enn forfedrane våre på 1800-talet. Snorre var politikar i si tid, også når han skreiv historie.
Denne reservasjonen, for ikkje å seie respektløysa, mot historiefaget, gjer det freistande å skape seg ei overordna problemstilling, som ein så legg over det historiske materialet for å sjå kva det då kan fortelje.
Ei slik problemstilling kan vere å sjå på mennesketankens historie som ein kamp mellom sansane og fornufta, menneskets analyserande evne. Materialet fortel at dette er ein kamp sansane våre har tapt gjennom tusenåra. Gong etter gong er dei korrigerte og sette på plass av skeptikarar som ikkje utan vidare tok sanseinntrykka som endelege sanningar.
Jorda var flat lenge. Det kunne alle sjå, der dei budde og levde. Rett nok fann grekarane ut, lenge før vår tidsrekning, at så ikkje var tilfelle, men det var kunnskap for dei få. Ein del av mannskapet på skipa til Columbus var redde for å segle ut over kanten på den flate jordskiva og hamne i avgrunnen.
Krumminga på jordkula var for lita til at sanseapparatet vårt oppdaga det. Jordkula var for stor. Det måtte oppdagingar, observasjonar og tankar til før den seige vranglæra frå sansane vart korrigert. Og så vart jorda rund, som ho alltid hadde vore.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.