Frå historia

Saltet

Saltutvinninga i Messolongi på den greske vestkysten er den største i Hellas.
Saltutvinninga i Messolongi på den greske vestkysten er den største i Hellas.
Publisert

Saltet høyrer til på alle matbord, som eit nødvendig krydder. Den som ikkje hadde til salt i grauten, levde i ekstrem fattigdom. Om fisk og kjøt skal smake som det skal, må det salt til, så også med potetene og egget.

Saltet einast som krydder er eit velstandsfenomen. Lenge var saltet det einaste lagringsmediet for mat som stod seg dårleg utan salt, som fisk og kjøt, før kuldeteknikken kom.

Under krigen slakta vi ei ku og ein gris heime kvar haust. Det var storarbeid, i dagevis med pølselaging og hermetisering. Og vi hadde eit stort olivenoljefat fullt av saltlake. Det fylte vi opp med mat for det komande året. Saltet var kjøpt på handelslaget, målt i skjepper. Eg trur det var i saltbingen skjeppemålet levde lengst.

Saltet trekkjer vatnet ut av den matvara som blir salta. I matvarene er det mikrobar som vil øydeleggje maten om dei får vere i fred. Når saltkonsentrasjonen rundt desse mikrobane blir for høg, blir celleveggane deira øydelagde, og mikrobane døyr. Maten er då berga, og lagringa kan starte.

Som einaste matlagringsmedium, ved sida av tørking, fekk saltet ei sentral rolle i historia. Og ettersom saltet var viktig og nødvendig, vart det også eit kjært skatteobjekt, for å fylle på statskassa. Romarane måtte betale saltskatt, og i Frankrike var saltskatten, la gabelle, hata gjennom mange hundreår, også fordi kongen forpakta saltskatten bort til private, som vart rike på saltskatten.

Det kinesiske Qing-dynastiet gjorde på 1700-talet salthandelen til eit statsmonopol som dei lét store handelsfyrstar drive, til beste for seg og keisaren. Alle måtte betale den fastsette prisen. Salt måtte alle ha.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement