Frå historia

Monarkar imellom

Kong Georg VI på treårsdagen til barnebarnet og tronarvingen Charles på Buckingham Palace 14. november 1951.
Kong Georg VI på treårsdagen til barnebarnet og tronarvingen Charles på Buckingham Palace 14. november 1951.
Publisert Sist oppdatert

Victoria var engelsk dronning frå 1837 til 1901. Engelske dronningar brukar å vare lenge. Ho lét etter seg fleire born og ei mengd barneborn. Barneborna fann vegen til andre europeiske kongehus, som det danske, det tyske og det russiske. Victoria vart kalla Europas svigermor.

På den engelske, den tyske og den russiske trona kom det tre barneborn, tre fetrar: Georg i England, Vilhelm i Tyskland og Nikolai i Russland. Desse tre hadde mykje barndom saman, på vitjing hos kvarandre. Dei vart godt kjende og nære vener.

Denne venskapen varte ved då dei vart monarkar og overtok styringa i rika sine. Dei heidra kvarandre ved å gje kvarandre heidrande militære titlar i kvarandres militærmakt. Nikolai hadde offisersgrad i ei skotsk avdeling, som Vilhelm hadde det i den engelske marinen. Dei bytte uniform med kvarandre og fotograferte byttet. Dei tre såg på kvarandre som garantar for freden i Europa.

I 1914 starta første verdskrigen, og vegane deira skildest. Statane kom i krig. I Russland var det stor politisk uro, og tsar Nikolai, den eine fetteren, kjende seg utrygg for seg og familien. Han søkte ein tryggare verestad. Han vende seg til fetter Georg i England for å høyre om han kunne kome dit og slå seg til der.

Statsminister Lloyd George vart rådspurd og meinte at det måtte kunne la seg gjere. Vegen til det trygge England vart opna for Nikolai.

I Buckingham Palace hadde dei ein rådgjevar som sette foten ned. I England vart tsaren rekna som ein omsynslaus tyrann, avskydd av dei fleste. For kongefamilien å hjelpe denne tyrannen inn i England og ta ansvar for han der, var meir enn folkemeininga ville akseptere. Folket ville vende seg mot kongehuset. Svaret vart nei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement