Frå historia

Mennesket og maktene

Vukanutbrotet på kanariøya La Palma er enno ikkje over.
Vukanutbrotet på kanariøya La Palma er enno ikkje over.
Publisert

Av dei skapningane som fyller jorda i dag, er mennesket av dei som kom sist. Men denne nykomaren tildelte seg sjølv hovudrolla i den verda han kom til. Natur, levande og daud, måtte stå til hans teneste.

Dei som alt var på plass då menneska kom, gudar, dyr og naturkrefter, beit ifrå seg så godt dei kunne, og viste makta si til nykomaren.

Den gamle grunnboka i vår kultur, Bibelen, fortel at Gud, den israelske stammeguden Jahve, vart så arg på menneska at han ville utrydde dei. Han sende syndfloda, der alle utanom Noah og hans hus drukna.

No viser det seg at dette var ingen original tanke frå gudane på dei kantar. Straffande syndfloder og straffande gudar var det fleire av i desse elvelanda. Den mest kjende forteljinga er om den babylonske nasjonalhelten Gilgamesj, der den babylonske Noah dukkar opp, lenge før den bibelske.

Gudane, og naturen, viste kreftene sine og sette det påtrengjande mennesket på plass. Gudane vart etter kvart trengde tilbake og fekk mindre å seie. Men naturen vart verande.

Menneskets hovudoppgåve vart å tukte naturen, å gjere han til sin tenar. Teknologien tok etter kvart på seg den oppgåva. Og resultata vart storarta: Store energimengder trengde den ville kulden tilbake, folk kunne snart bu kvar som helst. Naturen vart tvinga til å levere mat til eit aukande folketal. Her og der dukka det opp rikdom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement