JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Kviledagen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høyberging på ein søndag var uhøyrt før i tida. Her er ein bonde med høylass fotografert på E18 i 1969.

Foto: Per Ervik / Sktuell / NTB

2977
20220408
2977
20220408

Mosebøkene, med sine forteljingar om korleis alt vart til, har verka formande på tru, tanke og liv i vår historie og kultur.

Gud skapte verda, alt som er, på seks dagar. Sjuande dagen kvilte han, etter slikt storarbeid. Dermed kom han til å setje ei norm for ettertida. Kviledagen var komen inn i historia, den sjuande dagen etter ei arbeidsveke på seks dagar.

Då han gav steintavlene med dei ti bodorda til Moses på Sinai, reserverte han dei tre første boda for seg og sitt. Andre gudar ville han ikkje vite av. Misbruk av hans namn ville han ikkje tole. Og ein dag i veka skulle vere heilag, som hans dag.

Først i dei sju siste boda gav han pålegg om menneskelivet, om familieliv, om drap, hor og grannens gods og kone, og alt det andre menneska har for seg.

Mosebøkene gav mange reglar om kviledagen, eller sabbaten, som dei kallar han. Reglane var detaljerte og strenge, kva ein kunne gjere eller ikkje gjere, og både Matteus og Johannes fortel i evangelia sine at Kristus sjølv demonstrativt braut slike rigide reglar.

I dagens Israel er det ein stendig politisk strid om kva ein kan gjere på sabbaten. Kan bussane gå? Kan kafeane vere opne?

Eg har sjølv prøvt å kjøpe eit glas øl på sabbaten i Tel Aviv. Det var mislukka.

Eg er vaksen opp på gard i Ryfylke. Der hadde vi strenge reglar for søndagsarbeid. Både vi og husdyra måtte ha stell og mat, så arbeid i fjøs og på kjøkken var lovleg.

Men å arbeide på jorda: pløying, høyberging og potethausting var ulovleg. Alt slikt kunne gjerast på dei andre vekedagane.

Dette vart praktisert strengt. Grannane heldt auge med kvarandre.

Dette var i tida før ensileringa overtok for høyberginga. Siloen kom til å overta for låven som lager for vinterfôret.

Høyberging i Ryfylke, med ustabilt og lunefullt vêr, var problematisk. Å få høyet tørt i hus var sommarens hovudprosjekt.

Ein sommardag mot slutten av veka såg vi at høyet i hesjene var i ferd med å bli takande i neste veke.

Men vêrmeldinga var elendig, regn og regn, og inga høyberging. Og høyberging på søndag var utenkjeleg.

Løysing vart funnen. Søndagskvelden la vi oss tidleg. Ved midnatt stod vi opp, kledde på oss og sela på hestane.

Og høyet kom i hus utover natta. Det var lys sommarnatt, så vi hadde det arbeidslyset vi trong.

Om morgonen var arbeidet utført. Dei vaksne gjekk til sitt vanlege arbeid, å ta hand om menneske og dyr på garden.

Vi borna gjekk og la oss. Det var sommarferie i skulen.

Det kom ikkje regn på måndag, ikkje seinare i veka heller.

Men høyet var i hus, og låven var full av ange frå soltørka høy.

Ingen av oss kom på at dette nattarbeidet var noko sært og underleg. Arven frå Mosebøkene og Moselova, med sitt vern om helga, var innbygd i livet vårt. Dette var rett handling, ingenting å diskutere.

Det har gått sytti år sidan denne nattlege høyberginga. På desse åra er vernet om søndagen nedbygd, og mykje anna er også endra.

I dag høyrest denne fôrhaustinga underleg og påfallande ut. Det gjorde ho ikkje då.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis