JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Korleis Jæren vart Jæren

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Måleri frå bygdemuseet i Dirdal (utsnitt).

Illustrasjon: Wikimedia Commons

3508
20211119
3508
20211119

I dag er Jæren av det beste jordbrukslandet i Noreg. Tettstader, isprengde industri- og skulesenter, ligg spreidde over fruktbar åker og eng.

Dagens jærlandskap er ungt. Den første moderne landskapsarkitekten var steinbukken. Geologien hadde fylt Jæren opp med stein, i ufattelege mengder. Å dyrke denne steinjorda var tungt. Plogen rådde ikkje med desse steinmengdene. Jorda måtte spavendast. I åretal kom bønder frå indre Ryfylke til Jæren for å spa, før våronna kunne starte heime. Når spainga var gjord, kunne dei dra heim og gjere si eiga våronn. Steinbukken, oppkalla etter eit klauvdyr som finst i høgfjell og ørkenstrøk i Asia og Sør-Europa, endra dette. Jæren og jærlandskapet var på veg inn i ei ny tid. Steinbukken, denne enkle tripoden, kunne handtere steinen og løfte han ut av jorda. Så kunne steinen transporterast bort, og jorda var steinfri og tilgjengeleg for plogen.

Men steinen måtte leggjast ein stad. Og dei jærske steingardane, eit karakteristisk drag ved jærlandskapet, var skapte.

På det steinfrie og skogrike Austlandet, der store trerøter er hovudfienden for nydyrkaren, heiter steinbukken stubbebrytar. Også der formar han landskapet og vinn ny jord.

Steinbukken gjorde det mogeleg å vinne over steinen med mannemakt. Skjerpeplogen, som kom nokre tiår seinare, sette også maskinmakt inn mot steinen, og ingen kampestein var trygg.

Og det jærske jordbruket i si moderne og mekaniserte form var på veg. Husdyrhaldet vart sentralt i dette jordbruket. Den norske korndyrkinga fekk innlandsbygdene ta seg av.

Store driftsbygningar reiste seg, heim for husdyr og vinterfôr, tørka gras, også kalla høy. Høyet kravde mykje plass.

Så var det ein finne, A.I. Virtanen, som fann ut at graset kunne lagrast ferskt, om det berre vart tilsett rett syre. Og siloane, først i tre, så i betong, spratt opp rundt på gardane.

Somme siloar vart bygde inn i den store høylåven, andre stod for seg sjølve. Ved sida av den gamle, tomme høylåven kom siloane til å dominere jærlandskapet, høge og breie som dei var.

Ensileringsteknikken vart den neste jærske landskapsarkitekten, som prega landskapet i fleire tiår. Og det kom han til å halde fram med, også etter at siloteknikken endra seg. Betongsiloane vart gammaldagse, etter kvart utkonkurrerte av plasten. I slåttetida, der det for nokre tiår sidan var mykje folk med river og høygaflar, kan ein no sjå ein graspakkemaskin farte omkring og hauste graset, som han så pakkar inn i plast, gjerne kvit. Det er ein einmannsjobb.

Og dei gamle siloane står att som monument over eit stort framsteg og ei faren tid, slik dei gamle steingardane også gjer det.

Og graspakkane, også kalla traktoregg, ligg og lyser i landskapet som sankthansormar. Dei dominerer landskapet, slik steingardane gjorde, og framleis gjer. Graspakkane er den nyaste landskapsarkitekten på Jæren.

Sett på denne måten er Jæren og jærlandskapet ei open historiebok, ei av mange forteljingar om korleis teknologien ikkje berre omformar livet vårt, men korleis han også, på dramatisk vis, omformar landskapet vårt.

Kva jærlandskapet har i vente av teknologiske endringar, er det ingen som veit. Og slik har det alltid vore.

Om vi hadde kunna fortelje den lukkelege jærbonden som stod ved den vedunderleg steinbukken sin og løfta stein ut av jorda, kva barnebarnsborna hans skulle stelle med på garden hans, omringa av steingardane hans, då ville han nok ha vendt oss ryggen og gått sin veg.

Ein skal ikkje ukritisk høyre på kva som helst.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis