JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Kompetanseheving

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sveitsarane viste oss at fjøsarbeid og mjølkestell også var arbeid for karfolk, ikkje berre for kvinnfolk. Difor kallar vi på norsk ein fjøsrøktar for sveiser.

Foto: Lasse Thorseth

3576
20220204
3576
20220204

Kompetanseheving er eit av favorittorda i dagens politiske debatt. Alle er for kompetanseheving. Det er moderne å vere for kompetanseheving.

Men det å heve kompetansen, å bli flinkare, eller flinkast, i det ein held på med, er like gammalt som menneskehistoria. Den smeden som laga dei beste flintøksene fekk meir kjøt og annan mat enn dei andre. Moseboka fortel at luringen Jakob forstod seg betre på avlsarbeid enn svigerfaren Laban. Det var nyttig kunnskap som gjorde Jakob rik.

Tida rundt 1850 var ei dramatisk tid for norsk jordbruk. Krimkrigen var slutt, og kornmarknaden i Russland og Ukraina var opna, samtidig som jernbanen opna vegen for korn frå den amerikanske prærien. Frihandel var rådande lære, og billeg korn fløymde inn over landet og tynte norsk korndyrking.

Det norske jordbruket vart eit husdyrjordbruk, som det framleis er. Mjølka fløymde frå veksande kuflokkar. Det måtte skapast og ordnast eit apparat og ein marknad for å handtere all denne mjølka. Teknologien, separatoren kom til hjelp, og meieria var i ferd med å bryte seg inn i norsk historie.

Men kunnskapen var der ikkje. Han måtte skaffast.

Sveits hadde eit velutvikla system for mjølkehandtering. Sveitsarane vart inviterte for å hjelpe til. Og dei kom. Det kom ti og fleire for året. Eit år melde det seg 44 sveitsarar som ville til Noreg, men ti av dei trekte seg fordi det vart sagt at det var så ille å leve i Noreg.

Sveitsarane lærte nordmenn å lage ulike ostar, og dei lærte opp «ystepigerne», som sidan reiste rundt til bøndene.

Arbeidsinnvandring medfører kulturendring, som vi alle veit i dag. Sveitsarane, som alle var menn, viste at fjøsarbeid og mjølkestell også var arbeid for karfolk, ikkje berre for kvinnfolk, slik det før hadde vore.

Og det medfører språkendring. I dagens norsk heiter ein fjøsrøktar ein sveisar, ein mann frå Sveits.

Men det måtte også utviklast lokal kunnskap, som med tida kunne erstatte og fortrenge den importerte kunnskapen.

Selskapet for Norges Vel, ein institusjon som var viktig når den nye nasjonen skulle vekse og gro, tok seg av denne kunnskapsvoksteren.

Unge jenter vart sende til større gardar på Jylland eller på Austlandet der dei var så vidarekomne at dei hadde noko slag heimemeieri.

Ei av dei første var Ellen Marie Johannesdotter Norem frå Sjernarøy i Ryfylke. Frå 1. mai 1873 var ho meierielev hos storbonden E. Albert på Jylland. Då læretida var ute, låg heimlandet og venta.

Etter kvart finn vi Ellen Marie og kollegaene hennar i arbeid på dei meieria som etter kvart kom i gang.

Ellen Marie var den første vandrelærarinna i mjølke- og meieristell i Rogaland. Ho fór rundt i fylket og lærte bøndene å kjøle mjølka, noko som var nytt den gongen.

Som den gode offentlege funksjonæren ho var, skreiv ho rapportar om arbeidet sitt. Ho er nøgd med det ho har gjort, og ho er tydeleg stolt når ho kan fortelje at ho har funne kalde og gode kjelder i Årdal og Fister. Ho var nok den første som interesserte seg for kalde vasskjelder.

Omlegginga av norsk jordbruk midt på 1800-talet handlar om kompetanseheving og kunnskapsbygging. Trugsmålet mot korndyrkinga vart omforma til auka velstand og rikare matfat.

Ved høgskulen på Ås fekk kunnskapsbygginga ein stad å vere. Avlsarbeidet der vart etter kvart i verdsklasse, og det skapte både den norske NRF-kua og den norske tamlaksen, som mykje norsk velstand i dag kviler på.

Det er ei stund sidan Ellen Marie vandra rundt i Ryfylke og fann kalde vasskjelder som tok hand om den lunka ferskmjølka.

Men ho var av dei første i det som vart ei stor forteljing.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis