Frå historia
Keisarinna av India
Den første keisaren av India var ei kvinne, ei keisarinne, dronning Victoria. Ho tok tittelen i 1876.
Foto: Wikipedia
Historia er full av fyrstar og maktpersonar med varierande namn: kongar, keisarar og mykje anna. Å vere mektig fyrste er eit farleg liv. Ein ting er at sjølve livet er i fare. Klassiske historieverk, som Det gamle testamentet, Iliaden og Heimskringla er fulle av døde fyrstar.
Ein annan ting er at sjølve fyrstedømmet, embetet, kan bli sopt bort av historiske krefter som er i stigande makt.
Ekskong Faruk i Egypt sa ein gong på 1950-talet at det ved neste tusenårsskifte ville finnast fem kongar i verda: dei fire i kortstokken og den engelske. Hans eiga kongetid var i alle fall snart ute.
Den engelske kongen, for ikkje å seie dronningane, har greidd seg godt så langt, saman med nokre kongar i Nord-Europa.
Men mange fyrstehus, kongehus og keisarfamiliar har det gått gale med. Dei er blitt borte.
Keisarnemninga er romersk, oppkalla etter Julius Cæsar. Cæsar var eit romersk familienamn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.