Frå historia
Historia skiftar gir
Gottlieb Daimler saman med sonen Adolf ved spakane i 1886.
På 1960-talet vart eg kjend med ein nyslått pensjonist. Han hadde hatt eit krevjande arbeid, og no skulle han bruke tida slik han sjølv ville.
Han kjøpte det store norske leksikonet som då var i handel. No sat han heime og bladde og las her og der. Han treivst og hadde det fint.
«Det er underleg», sa han. «Her står det å lese at mennesket har vore på jorda i millionar av år. Og så har det meste hendt i mi tid.»
Han var fødd sist på 1800-talet. Og hadde då, med eigne ord, fått med seg det meste.
Refleksjonen er nok for enkel og urett mot farne tider. Forfedrane, gjennom tusenåra, har lagt til rette for dei tankane som braut seg laus i førre hundreåret og kom til å skape kvardagen vår, med alt det nye som kvardagane våre er fylte med.
Samtidig har han nok rett i at hans generasjon, og sidan vår, har opplevd meir nytt en nokon før oss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.