JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Historia i revers

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein bisarr episode i norsk historie: norsk okkupasjon av Aust-grønland, 1931.

3068
20220401
3068
20220401

Samanbrotet i Sovjetunionen var det største geopolitiske samanbrotet i det førre hundreåret, slår president Putin fast.

Og no vil han reparere den ulukka som då skjedde.

I Sovjetunionens tid hadde Russland rundt seg ein ring av statar som dei hadde kontroll på og rådde over. Dei var for Russland eit varig vern mot Vesten, som var det stendige trugsmålet mot Russland. Opprør mot det russiske veldet vart slått hardt ned på, som i Ungarn i 1956 og i Tsjekkoslovakia i 1968.

Ved murens fall var desse ringstatane raske til å orientere seg vestover, til Nato, som var vestens militære motmakt til den russiskdominerte Warszawapakta.

Russlands vern mot vest forvitra. Det vil Putin gjere noko med. Han vil tilbake til fortida, med grannar under kontroll. Til å oppnå dette bruker han det tradisjonelle russiske maktmidlet i Aust-Europa: militær makt.

Putin vil tvinge klokka tilbake. Dette har historia sett før, at fortida blir innkalla for å tene notida og maktspelet der.

Ein hovudtanke hos Hitler var å vaske av Tyskland den skampletten nederlaget i 1918 var. 1918 var skam og svik. Tyskland måtte atterreisast. Og det skulle Hitler gjere. Tyskland vart atterreist, men det var etter at Hitler var borte.

Mussolini ville atterreise det ærefulle gamle romarriket, som også rådde over Nord-Afrika. Han enda sine dagar i ein galge i ei italiensk bygate.

Napoleon ville regjere Europa. Til det mobiliserte han fortida. Han lèt seg utrope til keisar, ein tung tittel frå historia. Europa fekk fleire tiår med krig. Han enda sine dagar på St. Helena.

Slobodan Milosevic ville rette opp det lagnadstunge nederlaget ved Kosovosletta i 1389, då tyrkarane slo serbarane og kom til å prege historia på Balkan for all framtid. Resultatet vart langvarige krigar på Balkan. Og Milosevic enda sin dagar i eit fengsel i Europa. Han fekk fred, noko folket på Balkan ikkje fekk.

Donald Trump såg at stormakta USA var inne i ein lang nedtur, økonomisk, politisk og militært. USA tapte krigar. Hans prosjekt var å mobilisere den gylne fortida for å inspirere og løfte ei vaklande notid, å gjere America great again. Stikkordet er again. Han tapte valet, og USA måtte snart trekkje seg ut av endå ein krig, i Afghanistan. No spelar han golf i Florida. Om han kan kome tilbake, veit i dag ingen.

Vi har prøvt oss på slik fortidsmobilisering, vi også, småstat som vi er. Ved Kieltraktaten i 1814 vart gamalt norsk land vest i havet lagt under den danske krona. Etter 1905 vart det politisk uro rundt dette i Noreg, og i juni 1931 gjekk nokre fangstfolk frå Møre på land på Grønland og okkuperte Eirik Raudes Land. Det norske flagget vart heist. Den norske bondepartiregjeringa stadfeste okkupasjonen 10. juli.

Danmark tok straks saka til den internasjonale domstolen i Haag. Dommen fall i 1933. Noreg tapte på alle punkt. Det heile vart berre ein bisarr episode i norsk historie.

Det vi ser i Ukraina i dag, er noko heilt anna: ei såra og fallert stormakt som vil tilbake til tapt stormaktsstatus, og som set historia i revers.

Slikt endar sjeldan godt.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis