JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Hesten som historieskrivar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mongolar og kinesarar i eit slag i 1211, tolka av kunstnaren Sayf al-Vahidi.

Foto: Wikimedia Commons

4127
20210903
4127
20210903

Kven er det som skaper historie? Jesus og Muhammed? Newton og Einstein? Napoleon og Hitler? Otto von Bismarck og Einar Gerhardsen? Henry Ford og Sam Eyde?

Historia nektar å svare på slike spørsmål. Historia er ein stor materiemasse som vi sjølv må ordne. Ho forklarer ingen ting sjølv.

Det er to faktorar som avgjer kva vi får ut av historia, kva forklaringar vi finn. Det er for det første kva som finst der vi leitar, kva kjeldene kan fortelje. For det andre er det spørsmålet om kva vi leitar etter. Men funna våre må vi sjølv ordne.

Store aktørar kan vere små og anonyme. I 1349 kraup ei rotte ut av eit skip og inn på i land i Bergen. Ho hadde lopper i pelsen, og desse loppene var vertar for ein ørliten basill, Pasteurella pestis. Denne basillen er ein av dei store historieskaparane i norsk historie. Han tok livet av bortimot to tredelar av folket i landet, og det tok 150 år før folketalet tok seg opp att. Basillen har fått stor plass i historiebøkene.

Det er mange slike anonyme historieskaparar om vi berre ser etter dei. Lofottorsken er ein annan. Han har forma busetnaden på delar av den norske kysten.

Ein annan slik historieskapar er hesten. I nokre tusenår forma han asiatisk og europeisk historie.

Den sentralasiatiske villhesten vart tamd cirka 4000 år f.Kr. Lenge vart han halden for mjølka og kjøtet. Cirka 2000 år f.Kr. byrja ein og annan iranar å ri. Då vart hesten militær.

Ridehesten og ryttarane hans kom til å dominere dei store asiatiske steppene i 3000 år. Dei sette skrekk i menneske frå Donau til Kina. I det 13. hundreåret skapte dei det største riket verda har sett, grunnlagt av Djengis Khan, mongolherskaren. Mongolhæren kunne flytte seg fort. Det var dei som fann opp stigbøyelen, som gjorde ridehesten til eit effektivt våpen. No kunne dei stå i salen og skyte med pil og boge i stor fart. Det var ein militærmaskin ingen hadde sett maken til, og som det ikkje fanst forsvar mot. Moderne pansergeneralar, som George Patton og Erwin Rommel, meinte at dei hadde lært mykje av Djengis Khan.

Hesten kom til å dominere militærhistoria, og resten av historia, i tusenår. Alle hovudstader er fulle av statuar der kongar og generalar sit på hesten sin. Hesten er med. Vi har Carl Johan på Slottsplassen.

Framleis lever det nordmenn som hugsar hesten som arbeidshest, som kløv- eller trekkdyr, før traktoren og bilen kom og fortrengde han. For meg, som etter kvart er blitt ein tilårskomen mann, var hesten sentral i barndommen. Det var stas å arbeide med hest. Medan det var steppefolket – mongolar, hunar og andre – som utvikla ridehesten, var det kinesarane som utvikla arbeidshesten. Cirka 200 år f.Kr. innførte dei hesteseletøy med bryststropp. Det seletøyet dei før hadde, ville kvele hesten om lasset var tungt. Det gjorde at det gode romerske vegnettet, som vi framleis kan sjå, var lite brukeleg til tung transport. Slik transport måtte gå i båt. Bryststroppene gjorde dei romerske vegane tilgjengelege for varetransport og militærmateriell.

Kinesarane gjorde eit nytt viktig framsteg nokre hundreår seinare, då dei fann opp bogtreet, slik vi har det i dag. Dermed steig hesten forbi oksen som trekkdyr. Hesten er raskare enn oksen og kan gjere tyngre arbeid. Dette løfta fram det kinesiske jordbruket og gjorde at landet kunne fø meir folk.

Det tok nesten tusen år før bogtreet kom til Europa.

Militærhesten og arbeidshesten var viktige og aktive aktørar i europeisk og asiatisk historie i hundreår og tusenår. Dei var med og skapte denne historia.

I dag er hestens historieskriving eit avslutta kapittel. Men hesten lever i språket, i motorane, i dei hestekreftene som har avløyst hesten. Og som seglbåten, hestens konkurrent i transportnæringa, har han tatt rom i fritida vår, på trav- og galoppbanar, på rideturar i sommarfjellet og i stallar rundt byane, der velståande ungdommar kan kjøpe seg meiningsfull fritid.

«I morgon skal du kvila», song vi til Blakken i mi skuletid. Den morgondagen er no komen.

Ein viktig historieskrivar har lagt ned skrivesakene, som i hans tilfelle var sal og sele, for ikkje å seie stigbøyel og bogtre.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis