JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Gudane møter motstand

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsnitt frå Peter Paul Rubens og Jan Brueghel: «Edens hage» frå ca. 1615, Mauritshuis.

3083
20220520
3083
20220520

Livet i Edens hage var ein skuldlaus idyll. Adam og Eva var begge nakne, og dei blygdest ikkje, fortel Moseboka.

Så dukka ormen opp, det sløgaste av alle villdyri som Herren Gud hadde gjort.

Og ormen stilte eit giftig spørsmål:

Kann det vera råd at Gud hev sagt at de ikkje må...?

Tvilen var sådd i Paradiset. Om tvilen ikkje kan flytte fjell, som trua skal kunne, så kan han rasere tru og lærebygningar. Så også her. Inspirert av ormen sette Adam og Eva Guds bod for Paradiset til side og gjekk sine eigne vegar. Ormen lova Adam og Eva at dei skulle bli liksom Gud og skjøne skilnaden på godt og vondt om dei åt av treet. Og resten er historie.

Ormen vart forbanna og dømd til å krype på buken og ete mold alle sine levedagar.

Til Eva sa Gud at svangerskapa hennar skulle gje henne stor møde. Borna skulle ho føde med verk og vande. Og etter mannen din skal du stunda, sa Gud, og hadde nok den lumske kjønnsdrifta i tanken. I Mosebøkene er kjønnsdrifta eit etterparadisisk fenomen, ein del av Guds straff for syndefallet i Edens hage.

Til Adam sa Gud at jorda skulle vere forbanna for hans skuld, fordi han hadde ete frukta av det forbodne treet. Med møde skulle han nære seg av jorda alle sine levedagar.

Med sveiten i andletet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jordi att... For mold er du, og til moldi skal du attende.

Oppgjeret etter syndefallet var ein maktdemonstrasjon frå Guds side, kven han no var. Han forsvara seg og makta si. Menneska måtte ikkje kome her og kome her og yppe seg og tru at dei kunne ete av kunnskapens tre og bli som Gud.

Dei måtte slå seg til ro med livets vilkår, som var å slite for føda og føde barn. Noko meir måtte dei ikkje tenkje på.

Han formulerte seg presist: Sjå, mannen hev vorte som ein av oss til å skyna godt og vondt. Berre han no ikkje retter ut handi og tek av livsens tre og et og lever i all æva!

Og Gud jaga dei ut av Edens hage og sette kjerubar med logande sverd til å vakte vegen til livsens tre. Paradiset var stengt.

Dette er den eldste myten i religionshistoria vår.

Kva er det han fortel om tankane til forfedrane våre?

Er det den første forteljinga om konflikten mellom trua og tanken, ein konflikt som skulle prege tusenåra som kom?

Gudane er avhengige av tru, age og respekt. Den israelske stammeguden Jahve, som sidan vart vår gud, var svært bastant på det punktet då han gav lovene sine på Sinai. Dei tre første bodorda i Moselova handlar om Guds posisjon og status.

Det som hende i Edens hage, var eit opprør, utløyst av ormen.

Og fruktene frå kunnskapens tre kom til å prege åra som kom. Menneskets aukande kunnskap fortrengde gudane frå område til område.

Heile gudefamiliar, den greske, den romerske, den norrøne vart rett og slett borte. Og vår gud har siste hundreåra tapt makt, oppslutning og posisjon.

I historia er gudane dei store taparane.

Då ormen fekk lurt Eva til å ete av kunnskapens tre, var slaget tapt for gudane og deira makt og velde.

Mennesketanken, med sine aukande kunnskapar, reserverte lite plass for gudane. Deira tid var snart ute.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis