JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Finnøy, Byre og Skartveit

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hannibal Sehested miste Skartveit, øya hans i Ryfylke.

3676
20220107
3676
20220107

Desse tre øyane er granneøyar inne i Ryfylke. Gjennom historia har folket på desse øyane stort sett levd av jordbruk. Finnøy er den frodigaste og rikaste. Dei to andre er mykje fjell og berg, med jordflekker imellom. Det har ikkje alltid vore feitt. Skartveit og Byre er i dag plaga av fråflytting. Finnøy har fått tunell til Stavanger og er i vokster.

Dei tre øyane har alle si forteljing om korleis den store norske historia kom innom og sette sine spor i små lokalsamfunn.

Ogmund Finnsson budde på kongsgarden Hesby på Finnøy. Han var drottsete i Noreg under dronning Margrete på slutten av 1300-talet. Drottseten representerte dronninga for nordmennene, og han var rikets første mann. Han åtte gardar over heile Skandinavia. Kona hans var av fint folk, barnebarnet til den heilage Birgitta i Sverige. Då Ogmund døydde, barnlaus, vart kona henta til København for å bli overhoffmeisterinne for den danske dronninga.

Så sentralt har Finnøy aldri stått i norsk politikk, korkje før eller sidan. Ogmund var ein mektig mann.

Byre er den minste av øyane, med tre gardar i drift i dag. Også dei tok seg ei rolle i historia då det drog seg til. I 1397, i Kalmar, valde skandinaviske stormenn Erik av Pommern til fellesskandinavisk konge, eit forsøk på å skape Norden. Kalmarunionen var skapt. Det skulle vise seg å bli mislukka.

Ein av dei 13 norske riddarane som hengde seglet sitt under kroningsbrevet, var Arnbjørn i Byre. Ein konsekvens av det Arnbjørn og dei andre gjorde i Kalmar, var at danske stormenn fekk råderett over norsk jord. Slik kom Hartvig Krummedike til å eige Byre ei tid. Han var ein brutal holsteinar og ein av dei mektigaste i fellesstaten. Det var han som slo i hel Knut Alfsson etter å ha lova han fritt leide for å møte på borga på Akershus. Ettermælet hans er elendig.

Seinare kom Eske Bille, ein annan mektig danske, til å eige Byre. Skartveit kom med i ein stor historisk ballade, utan at folket der forstod så mykje av det som hende.

Kongen var Kristian IV. Han hadde fleire svigersøner som regjerte saman med kongen, og som tok godt for seg av gods og gull. Det irriterte mange av dei som ikkje slapp til. Ein slik svigerson var Hannibal Sehested, som raska til seg eigedomsretten til øya Skartveit.

Då kongen døydde, kom hemnen. Svigersønene kom for retten, og det gjekk dei ille. Ein av dei, Corfitz Ulfeldt, rømde til Sverige og gjekk i svensk teneste. Han er quislingen i dansk historie, før nemninga fanst. Kona hans, Leonora Christine, vart sett i arrest i Det blå tårnet, der ho skreiv dei triste livsminna sine, klassikaren Jammer Minde.

Og Hannibal Sehested miste Skartveit, øya hans i Ryfylke.

Ettermælet hans er mykje betre enn Corfitz Ulfeldts. Sehested bygde opp norsk administrasjon og forsvar, også postvesenet. Han gjorde så mykje for Noreg at det vekte uro og misunning i den danske adelen. Og noko av det som låg att etter han, kom til nytte i 1814. Etter dom og rettsoppgjer kom han tilbake i sentrale posisjonar i dansk politikk.

For desse tre ryfylkeøyane vart daneveldet konkret og nært. Fremste mannen til fellesdronninga budde på Finnøy, og kongens fremste menn åtte Byre og Skartveit. På desse øyane flaut lokalhistoria og rikshistoria saman.

Eg har mine røter på desse øyane. Mor vart fødd på Byre i januar 1908. Far vart fødd på Skartveit ein månad seinare. Dei to gifte seg i 1935 og flytte etter kvart til Finnøy for å drive gard. Der vart eg fødd i januar 1937.

Og eg, med røter frå alle tre øyane, kom til å møte Hannibal Sehested att seinare. I 25 år hadde eg mitt arbeid på Sehesteds plass, forlagsplassen i norsk bokheim.

Om ein ser etter, finst det historie overalt.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis