JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Farten i farten

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Albert Einstein gjorde lyset, lysstrålen og lysfarten til nøkkelen for å forstå verda.

Foto: Peakpx

4314
20230616
4314
20230616

I dagleglivet har vi sjeldan vanskar med å vite kva tid vi er i ro, og kva tid vi er i fart. Det er noko vi sjeldan ofrar ein tanke. Vi kjenner tilstanden og er trygge på kunnskapen vår. I godstolen sit vi i trygg ro, medan vi prøver å halde auge med fartsgrensene på vegane.

Dette er ein illusjon. Vi er i fart heile tida. Om godstolen står midt under ekvator, jagar jordrotasjonen oss rundt med ein fart på 46,5 meter i sekundet, 1660 kilometer i timen. Samtidig jagar jorda vår rundt sola med ein fart på 29,8 meter i sekundet, berre 108 kilometer i timen.

Det går fort, også om vi skulle sitte dørgande stille.

Då Copernicus lanserte sine tankar om universet, der jorda ikkje lenger låg i ro i sentrum av universet, medan alt anna roterte rundt jorda, vart han møtt med tvil og mistru. Om jorda rørte seg, som Copernicus sa, måtte vi vel merke det? Og det gjorde vi altså ikkje.

Galileo Galilei formulerte i 1632 dei generelle lovene om rørsler. I ein tekst som ettertida har gjort klassisk, forklarte han fenomenet med at jorda rørte seg utan at vi merka det: Steng deg inne med ein venn i det største rommet under dekk på eit stort skip, der det også er fluger, sommarfuglar og liknande flygande småkryp. Det er også eit stort kar med vatn med små fiskar i der. Høgt oppe hengjer du eit lite spann som det dryp vatn frå, ned i ein annan vasstank med trong opning, som står rett under det vesle spannet.

Medan skipet ligg i ro, observerer du grundig korleis dei flygande småkrypa rører seg med same fart overalt i rommet. Ein ser at fiskane sym likeglade i alle retningar. Dropane frå det vesle spannet treffer alle opningar i den oppsette vasstanken. Og om du kastar noko til vennen din, treng du ikkje bruke meir kraft i kastet i den eine retninga enn i den andre om avstanden er den same. Og om du hoppar jamsides, som det heiter, hoppar du like langt i alle retningar.

Når du har observert alt dette omhyggeleg og nøye, og sett at slik er det når skipet ligg i ro, får du skipet til å leggje frå kai og setje opp ein jamn fart. Du kjem ikkje til å merke nokon som helst skilnad i det som hender om bord, og du kan ikkje ut frå det du observerer, avgjere om skipet er i fart eller ligg i ro.

Om skipet var i fart eller i ro, ville gjestene i salongen ikkje merke. Farten på dekk og farten i salongen vart ikkje opplevd på same måten. Opplevinga var avhengig av kvar observatøren var. Farten var relativ – relativ til observatørposisjonen og til det som blir observert.

Han som blir farta rundt ekvator i stor fart av jordrotasjonen, har ingenting han kan relatere denne farten til. Det har heller ikkje han som fartar rundt sola saman med jordkula i litt rolegare tempo. Dei er begge i salongen og har det avslappa og fredeleg der.

Dette var det vanskeleg å slå seg til ro med. Nokre tiår etter Galileis tekst fastslo dansken Ole Rømer at lyset hadde ein målbar fart og brukte tid på å ta eg fram. Eit par hundreår seinare påviste den skotske fysikaren James Clerk Maxwell at det fanst eit utal elektromagnetiske bølgjer rundt oss, usynlege for oss, som fartar omkring med same farten som lyset.

Kva var all denne farten, desse fartane, relativt til? Båtfarten er relativ til sjøen, bilfarten til vegen, farten på himmelkroppane til kvarandre. Men lyset? Det måtte finnast eit stoff i universet, mellom alle himmelkroppane, som lyset brøyta seg fram gjennom, som båten i vatnet, eller pila i lufta.

Dette stoffet vart kalla eter. Og vitskapsmenn verda over starta ei jakt på eteren, som lysfarten då var relativ til.

Dei fann han ikkje. Han var der ikkje.

Einstein konkluderte då med at lysfarten ikkje var relativ til noko. Han var ein kosmisk konstant, som han så brukte som hovudmateriale i verdsbiletet sitt.

Ved eit finurleg tankeeksperiment viste han at tida blir relativ når lysfarten er konstant, og i hans klassiske formel e=mc2 er lysfarten c inne i omforminga av masse til energi, grunnlaget for atomfysikken.

I alle biblar, på alle språk, er Guds første ord «Bli lys», «fiat lux». Men det var først Albert Einstein, som sterkt avviste tanken om ein personleg gud, som gjorde lyset, lysstrålen og lysfarten til nøkkelen for å forstå verda.

Som barn tenkte han på kva som ville hende om han vart med ein lysstråle ut i rommet. Den tanken sleppte aldri taket.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis