Frå historia
Europeiske grenser
Europa teikna av Antwerpen-kartografen Abraham Ortelius i 1595.
Europa har alltid vore eit uroleg kontinent, så langt tilbake som vi kjenner til. Romarane slåst med grannane sine, som slåst med kvarandre. Folkevandringstida var ein vedvarande storm over Europa. Dei blodige konfliktområda har vore der folk møtte kvarandre, ved grensene som var skapte.
Vårt fredelege Skandinavia var eingong prega av blodig grensestrid. Sverige og Danmark kjempa om den skandinaviske dominansen. Noreg vart eit trofé som gjekk frå hand til hand. På 1600-talet forsynte Sverige seg grovt av dansk og norsk land: Halland, Blekinge og Skåne, Jämtland, Härjedalen og Bohuslän.
Stormaktene Russland i aust og Preussen i sør greip inn og flytte grenser. Finland, eit svensk kjerneland, vart russisk. Det danskane kalla Sønder-Jylland, vart prøyssisk og sidan tysk.
I europeisk historie har enkelte område vore meir konfliktfylte enn andre. Storbritannia er eit øyrike. Det verna dei ikkje frå fastlandet og maktene og konfliktane der. Wilhelm Erobraren tok seg over kanalen og underla seg England. Det same gjorde romarar, norrøne vikingar og germanarane som sidan vart kalla angelsaksarar.
Men både Marlborough og Wellington kryssa kanalen andre vegen med hæren sin, for å tukte oppkjeftige makter på fastlandet. Kanalen tok sin plass i det europeiske konfliktmønstret.
Eit anna blodig konfliktområde er regionen mellom det vi i dag kallar Frankrike og Tyskland. Kor mange slag det har vore her, og kor mykje blod som har runne, er det knapt nokon som veit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.