England – ein ugrei granne
Om kronprins Charles overlever mor si, blir han ein dag kong Charles Ill i engelsk historie. Med dei to første med det namnet gjekk det ille.
Foto: Jane Barlow / Pool via Reuters / NTB
Den siste som greidde å invadere England, var franskmannen Vilhelm Erobraren i 1066. Sidan har andre prøvt, som Napoleon og Hitler.
Men om øyane har verna seg mot åtak utanfrå, har dei ikkje greidd å halde på freden segimellom. Då franskmennen invaderte, var Skottland den dominerande makta på øyane. Franskmennene flytte makta sørover, der makta sidan vart liggjande.
Dei katolske irane vart kalla til orden på brutalt vis. Cromwell fjerna den irske overklassa. Det medførte at den katolske kyrkja vart leiande i motstandskampen mot England, noko som styrkte hennar posisjon i der irske folket.
England vart den dominerande makta på øyane, under stendig uro og protestar.
Det ulmar framleis i restane av dei gamle konfliktane.
Irane har kome unna etter stor strid. Dei er i dag ein europeisk EU-stat, noko England ikkje er.
Nord-Irland er framleis under engelsk styre. Mange vil bort frå dette englandsregimet, noko som skaper stendig strid og dramatikk.
I Skottland har dei regelmessige folkerøystingar der folket skal seie frå om dei skal kutte sambandet med London og styret derifrå.
Wales er ein del av det sameinte kongedømmet Storbritannia og Nord-Irland, og blir ikkje rekna som eit eige land. Dei sender 36 representantar til Parlamentet i London.
Wales har eit spesielt band til England og London. Arvingen til det engelske kongedømmet ber alltid tittelen prinsen av Wales. Den tittelen ber han til han blir monark. Då går tittelen over til monarkens eldste son.
Denne skikken går tilbake til eit sårt punkt i walisisk historie.
I 1283 la den engelske kongen, Edvard I, under seg Wales. Den siste innfødde walisiske fyrsten, David Ill, vart avretta, og tittelen prinsen av Wales vart; gitt til sonen til den engelske kongen, som sidan vart kong Edvarrd li.
Sidan har tittelen prinsen av Wales følgt eldste sonen til den engelske monarken. Det er han som gjev tittelen til sonen sin, ved ein seremoni ved Carnaveron, eit klassisk walisisk slott.
Dagens prinsen av Wales er Charles Philip Arthur George, son til dronning Elisbeth li.
Kronprins Charles er fødd i 1948, og er i dag 75 år gammal.
Om han overlever mor si, blir han ein dag kong Charles Ill i engelsk historie. Med dei to første med det namnet gjekk det ille.
Og prins William, som i dag er 41 år gammal, blir den neste prinsen av Wales.
Om han ein gong i ei fjern framtid blir konge etter far sin, og då kan sende den fine walisiske prinsetittelen vidare nedover i slekta, står att å sjå.
Først må faren, kronprins Charles få kongekrona, når no det måtte bli.
Kongane er ei yrkesgruppe historia har fare ille med. Mange kongar er kasta ut av tronstolen sin, før dei fekk ein ussel død.
Det engelske monarkiet, med veteranen Elisabeth i førarsetet, ser ut til å sitje trygt førebels. Om det er livskraftig å erstatte henne med ein pensjonert walisisk prins, vil historia i si tid fortelje. Ho har, så langt, vist lite godhug for monarkar og monarki.
Og walisarane vil knapt sakne sin walisiske prins om han skulle bli borte.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.