JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Ein annan stor opprørar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pandora slik kunstmålaren Lawrence Alma-Tadema såg henne.

Foto: Wikipedia

2907
20220603
2907
20220603

Den store opprøraren mot Gud var i moseboka slangen i paradiset. Han kom til å endre Guds planar for den verda han hadde skapt. I den norrøne gudeverda var det Loke som stod for opprøret. I den greske gudeverda var det Prometeus.

Prometeus var titan. Titanane hadde makta i verda før gudane på Olympen overtok. Prometeus var også gud for elden.

Elden var ei viktig naturkraft, emne for rivalisering og strid. Zevs, hovudguden på Olympen, hadde tatt elden frå menneska. Prometeus stal elden tilbake. Meir enn det: Han var innom Atenes salar og raska med seg visdom og fornuft.

Med denne stelinga gjorde han det mogeleg for menneska å utvikle eit kulturliv, skriv leksikonet. Han sprengde rammene gudane hadde sett rundt menneskelivet. Han braut vegen for menneskets vandring mot eigen kunnskap, det mosebøkene kallar kunnskapens tre.

Gudane kjende seg truga av den kunnskapen som kunne kome for dagen ved slik farleg ferd. Som i Edens hage måtte slik åtferd straffast.

Prometeus vart fanga og bunden til eit fjell i Kaukasus. Der kjem det stendig ei ørn og hakkar han i levra, organet for kjenslene. Då jamrar han seg slik at jorda skjelv. Skaden på levra gror til att, og ørna kjem tilbake. Slik held dei fram til evig tid.

Men gudane på Olympen var ikkje nøgde med dette. Det måtte komne meir straff. Som i Edens hage måtte heile menneskeslekta straffast.

Zevs skapte ei kvinne, Pandora. Henne sende han som gåve til bror til Prometeus, den godtruande Epimeteus. Ho hadde med seg ei stor øskje som Epimeteus fekk pålegg om ikkje å opne. Det gjorde han likevel.

Ut strøymde alt vondt: alle slags sjukdommar, lidingar og plager, slit og strev, alt det som gjorde menneskelivet tungt og strevsamt.

Menneskets daglege og kjende livsvilkår vart då ei straff for tjuvferda til Prometeus, opprøret hans mot gudane og makta deira.

I botnen av Pandoras øskje låg det ein liten ting som ikkje vart strødd ut saman med alt det vonde og leie: Vona låg att. Alt var ikkje vonlaust likevel.

Seinare gresk dikting gjorde Prometeus til menneskets skapar, som skapte mennesket av leire. Han fekk namnet Den store velgjeraren. Med dei mektige greske gudane gjekk det ille.

I moderne tid har Prometeus stendig dukka opp som opprørar og kulturskapar.

Slik kom Prometeus tidleg i historia til å varsle det som vart eit hovudtema i den same historia i hundreåra som var på veg: mennesketankens kamp for å frigjere seg frå dei gudane dei sjølv hadde skapt.

Sekulariseringa, verdsleggjeringa, har svekt gudane og posisjonane deira.

Det ser ikkje ut til å avblåse kampen.

Siste hundreåret har sett ein rik fauna av menneskeskapte gudar som har tatt sin plass på scenen verda over, først og fremst i politikken, der dei til tider har dominert. Dei fleste ligg no langs vegkanten som gløymde kadaver.

Prometeus driv på. Framleis trugar han gudane og makta, kven ho måtte vere.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis