JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Det vonde melder seg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Balders død skildra i eit gamalt islandsk manuskript.

Illustrasjon: Wikimedia Commons

3121
20220527
3121
20220527

Gudeverda er ingen idyll. Gudane, når dei er mange i ein gudefamilie, lever eit samansett, vanleg liv, med kjærleik, ekteskap og barn, og med rivalisering og konfliktar.

På mange måtar liknar gudane på folk flest. Om denne likskapen har mange tenkt. Herodot, den greske historikaren, seier rett ut at gudane er menneskeskapte. Nubiarane, som budde heilt sør i Egypt, var svarte, og hadde då svarte gudar, sa Herodot. Oksane hadde oksar til gudar, sa han også.

I denne menneskeskapte gudeverda fanst det, som i menneskeverda, både vonde og gode. Korleis kunne det ha seg, når verda var skapt av dei gode og mektige gudane?

Problemet, vondskapsproblemet, har plaga kristne teologar gjennom hundreåra. Kvifor gav den gode Gud så god plass til vondskapen?

Ei løysing i gudeverda var å introdusere det vonde som ein skapning, eit individ. I den norrøne gudeverda var jotunen Loke denne personifiserte vondskapen. Han drap Balder. I norrøn gudeverd er dette sjølve syndefallet, triumfen til det vonde. Balder var son til Odin, og var den beste av alle gudar, fortel Snorre.

Han drøymde vondt, at livet hans var i fare. Æsene fekk då alt i verda til å love ikkje å skade Balder. Då alle skapningar hadde lova dette, stilte dei Balder opp på tingmøta sine og skaut, kasta stein eller hogg mot han. Ingenting beit.

Loke fann då ein liten misteltein som hadde vore for ung til å gje så alvorlege lovnader. Loke reiv mistelteinen opp og tok han med til gudetinget. Der fekk han den blinde Hod til å skyte på Balder med mistelteinen han hadde med.

Skotet gjekk gjennom Balder, og han fall daud til jorda. Og det er den største ulukka som har hendt både æser og menneske, med Snorres ord.

Då Balder var fallen, orka ingen av æsene å seie eit ord.

Men det fanst råd. Om alle skapningar ville gråte for Balder, kunne han gråtast ut av Hel, der han var hamna.

Og alle gret for Balder. Folk og fe og jord og stein og tre og all malm, – så som du kan sjå at desse tinga græt når dei kjem or kulde og inn i varme.

Då æsene var på veg heim og hadde fått alle skapningar til å gråte for Balder, fann dei ei gyger som heitte Takk, under ein heller.

Ho ville einast gråte turre tårer for Balder. Balder kunne bli verande hos Hel for all tid. Sa gygra.

Snorre summerer opp:

Og det er allmenn tru at dette var Loke Lauvøyson, han som har gjort æsene mest vondt.

Balders død var den store katastrofen i den norrøne gudeverda, syndefallet deira.

Æsene fanga Loke, som hadde skapt seg om til ein laks. Tor fanga han, men laksen gleid i handa, så han fekk ikkje fast grep før ved sporden. Då klemde han til, og det er grunnen til at laksen smalnar attover.

Men han vart fanga og plaga. Når han plagast som mest, kan han rykkje til så hardt at jorda skjelv. Det er det dei kallar jordskjelv.

Som i Edens hage var det vondskapen, djevelskapen, som vann.

Dei mektige skapargudane måtte hjelpelaust vere vitne til at vonde krefter braut seg inn i deira gode skaparverk og rudde plass for djevelskapen sin.

Både slangen i Paradiset og Loke i Norden var slugare enn gudane, for å låne Bibelens ord.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis