Den gylne fortid
Volva, slik den franske kunstmålaren Jules Lenepveu (1819–1898) tenkte seg henne (utsnitt).
Foto: Wikipedia
Som art har mennesket det ved seg at det er oppteke av si eiga fortid og stendig ber henne med seg.
Når det gjeld den nære og oversiktlege fortida, er ho eit stykke på veg handterleg. Sogeforteljarar bar fortida vidare, til nye ætter. Sogeforteljing var nok trygg underhaldning alt ved steinalderbålet, før dei store sogebøkene dukka opp: Homer, Vergil, Snorre.
Med den historia som låg langt inne i den historiske tåka, var det verre. Korleis vart alt dette daglege og forunderlege til? Spørsmåla levde og låg der. Spørsmåla var viktige, også tidleg i historia.
Hjelparen dukka opp: den menneskeleg fantasien. Han mobiliserte ei mengd gudar rundt om. Dei hadde skapt og ordna verda, som dei framleis gjorde. Fantasien gjorde verda ordna og forståeleg.
Mosebøkene, som vart våre forteljingar om dette, fortel ei dramatisk historie om korleis alt vart til. Gud gjer skaparverket unna på seks dagar, i første kapittelet i Første Mosebok:
Og Gud skoda alt han hadde gjort, og sjå, det var ovleg godt.
Så tok han helg.
I den norrøne kulturen var det volva som fortalde korleis verda vart skapt, i sitt eige dikt: Voluspå, der ho fortel det som fyrst eg minnest. Årle i old var det inga jord, og ikkje noko gras, før sola vart sett på himmelen.
Då grodde grunnen av grønan lauk.
Gudane møttest på Idavollen, der dei starta eit stort arbeid med å byggje horg og hov og laga nødvendige reiskapar, tenger og tòlar, som volva fortel.
Og gudane hadde det moro. Dei leika med tavler på tunet, og dei hadde rikeleg med gull, som dei spela om.
Så gjekk dei i tingstolen og hadde rådlag. Dei drøfta kven som skulle skape kven og kva, ei arbeidsfordeling i skaparverket.
Skaparverket vart sett i gang.
Og så kunne historia starte, med gudane som skaparar og seinare skaparverkets tilsynsmenn. Historia skulle etter kvart bli dramatisk, skulle det vise seg.
I det gamle Hellas heldt gudane til på Olympen, der dei heldt auge med skaparverket, og dei skapte. Gudane levde eit godt liv der. Av og til var nokre av gudane nede på jorda og sette barn på jordiske kvinner.
I Roma hadde gudane delt skaparverket mellom seg. Som moderne statsrådar hadde dei ansvar for jordbruk, krig, kjærleik og alt det andre menneska steller med.
Denne ansvars- og arbeidsfordelinga var også kjend i andre gudesamfunn. Desse menneskeskapte gudane hadde fått skaparverket i gåve frå menneskets fantasi, for å gje forståelege svar på vanskeleg spørsmål.
Og gudane vart viste stor ære. Dei fekk tildelt det gåtefulle himmelrommet som sin private leikeplass. Der farta dei omkring: Jupiter, Saturn, Venus, Mars og alle dei andre.
Og dei fekk tildelt stor makt, over menneskets tru og tankar.
Dei kravde underkasting. Og fekk det.
Men eit opprør mot gudemakta låg og ulma.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.