JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Den gamle jorda – og den nye

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Emil Doepler (1855–1922): «Lokes barn», med dei tre søskena Midgardsormen, Hel og Fenrisulven.

3327
20220610
3327
20220610

Alt har ein ende. Det som blir påbyrja, skal avsluttast. Det er ei grunnleggjande menneskeleg røynsle. Menneske, dyr og plantar blir fødde og døyr når tida er ute. Ingenting varer evig.

Slik er det også med verda. Ulike mytologiske forteljingar gjer greie for korleis ho vart skapt, gjerne med gudehjelp, og korleis ho skal gå under når den tid kjem. For den tida kjem.

I Snorres forteljing i Gylvaginning startar undergangen med tre kalde vintrar utan sommar imellom. Så kjem ei vond tid då brør drep kvarandre og søner drep fedrar.

Og så brakar ragnarok laus, den endelege kampen mellom dei gode gudane og dei vonde maktene. Fenrisulven gløyper sola, ein annan ulv tek månen, stjernene kverv frå himmelen. Det følgjer ein hard strid, skildra i detalj, før jotunen Surt slengjer eld ut over jorda og brenner opp heile heimen.

Kva hender så, spør han som spør. Kjem det ein annan heim?

Ja, er svaret, det kjem mange bustader. Mange av dei er gode, men mange er òg vonde. I dei gode bustadene skal dei gode og sedelege bu. I ein stor og fæl sal, full av ormerygger og ormehovud, skal meinsvorne menn og drapsmenn halde til.

Jord og himmel er tilbake etter verdsbrannen. «Jorda skyt opp or sjøen og er då grøn og fager; åkrane veks usådde.»

Og æsene, gudane, møtest på Idavollen, der Åsgard stod før brannen. Der røder dei om det som har hendt før, om Midgardsormen og Fenrisulven. Og i graset finn dei gulltavlene som dei åtte i opphavstida.

Om det som sidan hender, har forteljaren ingen kunnskap. «For ikkje har eg høyrt nokon melde om lagnaden åt verda lenger fram.»

I siste boka i Bibelen, Johannes’ openberring, sit Johannes på øya Patmos. Der får han «Jesu Kristi openberring, som Gud gav han so han skulde visa tenarane sine det som snart skal henda; og han sende bod ved engelen sin og kunngjorde det i teikn for Johannes, tenaren sin.»

Forteljinga hans er dramatisk, krig mellom vondt og godt. Ein engel greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år, kasta han i avgrunnen og låste han inne.

Johannes såg himmelen opne seg, og Kristus og hærmakta hans fór ut til strid med skarpe våpen. Heidningane skulle slåast og styrast med jarnstav.

Og det vart brutalt og blodig. Ein engel ropa med høg røyst og bad alle fuglane under himmelen kome og meske seg med «kjøt av kongar og kjøt av herhovdingar og kjøt av veldige og kjøt av hestar og kjøt av dei som sat på dei, og kjøt av alle, frie og trælar, små og store».

Kristi slegne fiendar vart mat for åtselfuglar i det siste og avgjerande slaget.

Så er det over.

«Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord; for den fyrste himmelen og den fyrste jordi hadde kvorve burt, og havet er ikkje meir.»

Johannes vart vist ei elv med livsens vatn. Ved elva stod livsens tre, som bar frukt tolv gonger og gav si frukt kvar månad. Og lauvet på treet var til helsebot for folka.

Og det vart halde dom, som det vart i gudelæra til forfedrane våre. Dei gode og dei vonde hamna kvar for seg.

I desse to forteljingane, i den norrøne gudelæra og hos Johannes, er livet, tida, historia og verda eit mellomspel mellom skapinga av verda og undergangen.

I dette mellomspelet prøver menneska, med hjelp frå gudane, å skape eit meiningsfullt liv, før den tidlause og gåtefulle æva tek over det heile.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis