Frå historia

Den første reportasjen

Plinius registrerer sin observasjon av Vesuv-fjellet i 79 e.Kr.
Plinius registrerer sin observasjon av Vesuv-fjellet i 79 e.Kr.
Publisert

Historikaren skal gje oss fortida. Reporteren skal gje oss samtida.

Historikaren dukka tidleg opp. Alt ved det første leirbålet sat han og fortalde om forfedrane, om bragdene deira og om gudane deira.

Etter kvart steig diktaren inn i historikarfrakken. Blandinga av historie og diktarfantasi skapte storverk som dei av Homer og Vergil. Kritiske sinn vil nok også rekna Heimskringla og dei eldste delane av Det gamle testamentet inn i denne blandingsgruppa, med dikting og historie.

Men reportasjane, forteljingar om det som skjedde, fortalde av samtidige, som var der og då og såg kva som skjedde, kom seint.

I mellomtida boltra historikarane seg. Hendingar langt tilbake i tid, då alle samtidsvitne var borte og gløymde, var ukontrollerbare. Her kunne historikarane fylle på.

Historikarar i dag meiner at mange av dei storarta talane vi har frå antikken, eller frå Snorre, for den del, er utforma av ei tilbedande ettertid og såleis lagde heltane i munnen. Ikkje eingong Abraham Lincolns store tale ved Gettysburg har fått vere i fred. Han er rekonstruert frå notatlappar Lincoln hadde, og ved hjelp av samtidsvitne, som då framleis fanst, blir det påstått.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement