JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Då kongane var éi slekt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit av dei siste bileta av tsarfamilien før tsar Nikolaj ll abdiserte. På biletet: Tsar Nikolaj, sonen Aleksej og døtrene Marija, Tatjana, Anastasia og Olga. Offiserame er frå Tsarens garde.

Foto: Billedsentralen / NTB

3905
20211112
3905
20211112

Det har gått til atters med dei europeiske kongehusa. I land etter land er dei sopte bort siste hundreåret. Underleg nok er det dei mest stabile demokratia i Nord-Europa som har halde fast ved den monarkiske styringsforma: England, Nederland, Belgia og dei skandinaviske landa. Sørpå har Spania fått kongen sin tilbake etter nokre tiår med fascistisk diktatur.

Kan forklaringa vere at desse demokratia det siste hundreåret har vore stabile nok og etablerte nok til å halde kongehusa utanfor politikken, med den politiske risikoen politikken alltid ber i seg? At kongane her har overlevd ved å akseptere si reelle maktløyse, utestengde frå den politiske makta av stramme konstitusjonar, forma av folkevalde forsamlingar?

Svenskekongane har rett nok prøvd seg i politikken. Resultatet er at dagens svenskekonge er den mest avstrippa av alle dagens kongar. Ikkje eingong regjeringsskifta får han ha handa si i.

Ein del av striden i 1905 handla om å halde kongen borte frå utanrikspolitikken. Unionskongane meinte at dei skulle ha eit ord med i laget her, og det skapte mange problem for regjeringane, både i Stockholm og i Christiania.

For hundre år sidan såg det heilt annleis ut. Dei store rika hadde monarkar, kongar og keisarar på trona. Og dei hadde god kontakt med kvarandre. Tsaren i Moskva, keisaren i Tyskland og kongen i England var søskenbarn. Dronning Victoria var bestemor til alle tre. Dei var saman i barndommen, dei segla saman og dei dyrka og heidra kvarandre. Keisar Vilhelm i Tyskland vart utnemnd til heidersadmiral i The Royal Navy.

Så kom krigen, og det skar seg. I 1917 bomba tyske fly London, og det voks fram sterke antityske stemningar. Det gav seg mange slag utslag.

I 1840 gifte den tyske prinsen Albert seg med dronning Victoria. Han kom frå hertugdømmet Sachsen-Coburg-Gotha og tok namnet med seg. Det engelske kongehuset vart då kongehuset Coburg-Gotha. No vart det tyske namnet på kongehuset utoleleg, og det var sett i gang ei historisk gransking for å finne eit nytt. Løysinga vart å kalle kongehuset Windsor, som det framleis heiter.

Den tyske familien Battenberg hadde busett seg i England. Dei gjorde det godt, og ein av dei vart admiral i The Royal Navy. No kunne dette tyske namnet heller ikkje brukast lenger. Det vart snudd på og anglifisert, og familien Mountbatten var etablert.

Og i dag bur ekteparet Mountbatten-Windsor i Buckingham Palace.

Søskenbarnet i Moskva, tsar Nikolaj, fekk ein vanlagnad, som søskenbarnet i Berlin, keisar Vilhelm, fekk det. I 1917 kom det revolusjon i Russland, to etter kvarandre. Under den første, Kerenskij-revolusjonen, tok tsaren kontakt med England for å høyre om han og familien kunne flytte dit og slå seg ned der. Dei kjende seg ikkje lenger trygge heime.

Statsminister Lloyd George tykte England skulle svare ja, for å hjelpe ein ven av det engelske kongehuset. Nyare arkivfunn viser at kongehuset sette foten ned og avslo. Tsardømmet var sett på som djupt reaksjonært, og det var svært upopulært i England. Kongehuset hadde søskenbarnet i Berlin å slite med. Å ta ansvaret for det upopulære og reaksjonære søskenbarnet i Moskva, var meir enn dei våga å ta på seg.

Svaret vart, etter kongehusets ønske, nei. Tsarfamilien vart i Moskva. Og då den neste revolusjonen kom, bolsjevikrevolusjonen, vart heile familien slakta ned. Nokre overlevande medlemer av tsarfamilien kom til England og berga livet. At slekta i Buckingham Palace sveik dei då nauda var størst, gløymde dei aldri.

Slektslojaliteten mellom søskenborna rauk då det røynde på. Georg i London, som greidde seg, var med og fekk Vilhelm i Berlin avsett og forvist, og han vende ryggen til Nikolaj i Moskva då han trong ei hjelpande hand. Det kosta Nikolaj livet.

Den festlege ungdomstida dei hadde saman, enda i krig og blod, ansikt til ansikt med våpen i hand.

Det var nok godt for bestemor at ho slapp å oppleve dette.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis