Frå historia
Åndskamp i Ryfylke
Ein av dei som henta impulsar frå USA, var ryfylkingen Svend Foldøen, frå Foldøy i Jelsa.
Foto: Arkiv
1800-talet vart eit dramatisk hundreår i norsk historie. Ved inngangen til hundreåret vart vi regjerte av ein eineveldig dansk konge. Straks hundreåret var ute, hadde vi eigen konge og parlamentarisk styresett. Det folkevalde Stortinget hadde tatt makta.
Det vart eit dramatisk hundreår i det norske religiøse landskapet òg. Det starta med at det var obligatorisk å stå i statskyrkja. Dåpsplikt og konfirmasjonsplikt rådde. Over tid gav hundreåret to dissentarlover, nye kyrkjelydar med anna lære grodde fram overalt. Lekfolket vandra inn i kyrkja og kravde rom. Og då det neste hundreåret var ungt, skipa lekfolket sin eigen presteskule.
Impulsane frå utlandet strøymde på. Den tyske filosofen Friedrich Schleiermacher, påverka av Kant, hevda at religionen var noko eigenarta og sjølvstendig, fråkopla det intellektuelle og moralske livet. Han la vekt på den religiøse opplevinga. Han fekk mange følgjesveinar i Noreg, mellom dei Ole Hallesby i det neste hundreåret.
Den store svenske vekkingspredikanten C.O. Rosenius fekk stort nedslag i Noreg, først og fremst bøkene hans. Han er nok den svenske forfattaren som har selt flest bøker i Noreg. Frå Sverige kom også Lina Sandell, som song seg inn i norske bedehus, som det stendig vart fleire av.
USA hadde inga statskyrkje, og kyrkjelydar av mange slag fylte det religiøse rommet. Møteforma var friare, talane òg. Og det vart skapt nye songar og ny musikk. Og i England fornya Frelsesarmeen den religiøse musikken. Kvifor skal djevelen ha dei beste melodiane, spurde generalen.
Kristne lekfolk var ute og reiste, og hadde med seg impulsar heim. Den norske bedehuskulturen er ein internasjonal kultur, med tilsig frå mange kontinent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.