Å fordele nauda
Statuen til minne om Ogmund Finnsson på Finnøy.
Foto: Bjarte Hetland / Wikipedia
Ingen samfunn har nokon gong meint at dei hadde nok av alt, ikkje eingong rike samfunn som vårt meiner det. Og når det aldri er nok velstand og rikdom å fordele, kan ikkje alle få det dei meiner dei treng. Nokre får for lite.
Historia kan lesast på mange måtar. Ho kan lesast som ei forteljing om dei fleste som fekk for lite av det meste, av livsnødvendige gode som mat, hus og varme, ein god barndom og tilgang på eksisterande kunnskap. Det er fattigdommens historie.
Denne oppgåva, å fordele det som er for lite, har funne ulike løysingar gjennom tidene.
Ei mykje brukt løysing er den klassiske politiske løysinga: å la makta rå. Det inneber at dei mektige forsyner seg først, medan dei avmektige må ta til takke med det som er att. Marknadsmakta står for fordelinga.
Denne løysinga har i historia skapt stor rikdom og stor fattigdom, palass og rønner, bognande matfat og svolt.
Det gjer ho framleis i dag. Vi har mange rike samfunn som er fulle av fattigdom. Gamle kommunistland, med likskap som ideal, blir fylte opp av nyrike og nyfattige.
Ei anna løysing når det er for lite å fordele, er køar. Av køar er det mange slag: matkøar når det er for lite mat, operasjonskøar når det er for lite operasjonskapasitet, bilkøar når det er for lite veg.
Køane er ei fordelingsordning for det det er for lite av. Dei medfører irritasjon og frustrasjon, køsniking, svartebørshandel og andre smarte krokvegar rundt ressursmangelen.
Ei tredje og velbrukt løysing er kvotering, rasjonering. Det det er for lite av, skal fordelast likt til alle. Storsamfunnet organiserer fordelinga.
Folk på min alder minnest rasjoneringa under krigen og i dei første etterkrigsåra. Produksjonsapparatet var nedslite og delvis øydelagt. Supplerande import var vanskeleg eller umogeleg.
Nauda måtte spreiast.
Vi hadde rasjoneringskort for mat, merke som vart klipte frå rasjoneringskorta våre når vi handla. Vi kjøpte det som var å få, når det var å få. Som tiåring var eg i handelslaget. Dei hadde fått puffa kveite, noko nytt og ukjent. Eg bad om to kilo. Det vekte oppsikt.
Hønsa fekk matrasjon. Vi kunne kjøpe mat til 200 høns. Fleire høner fekk ikkje mat. Og vi måtte ta det som fanst. Sildemjøl sette sildesmak på både egg og mjølk, medan knuste maiskorn sette ein vakker gulfarge på eggeplommene.
Vi fekk rasjoneringskort til klede. Dei merka kalla vi prikkar. Og familiemødrene samla på prikkar, spesielt om ein fødsel var på gang. Nykomaren måtte få noko å ha på seg.
Forsyningsnemnda, med styre og kontor, ordna med rasjoneringskorta. I august 1951 kom det fint besøk til Finnøy, heimeøya mi. Det skulle avdukast ein bauta over Ogmund Finnsson, storbonde på Finnøy. Han var drottesete, eit slag statthaldar, under dronning Margrete, rikets fremste mann.
Kronprins Olav kom, biskop, fylkesmann og anna fint folk.
Far sat i kommunestyret. Alle i kommunestyret gjekk i slitne førkrigsklede, noko nytt hadde ingen fått.
Då vedtok forsyningsnemnda at alle i kommunestyret skulle få eit nytt plagg til å møte kronprinsen med.
Far fekk ny frakk. Den arva eg sidan.
Spreidd velstand, som hos oss, er eit ungt innslag i historia.
Det vanlege har vore at velstanden har vore samla på få hender, som rikdom hos dei mektige, medan fattigdommen har vore godt spreidd utover til dei fleste.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.