JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

1947

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skartveitvatnet slik det såg ut i juni 2013.

Foto: Odd Bjerga / Google

3653
20220318
3653
20220318

Tida går. Ho har slikt å gjere.

Ved å telje år held historia orden på tidsstraumen. Årstala er det viktigaste i historia, sa Halvdan Koht.

Årstala kjem strøymande, jamt og trutt. Historia sorterer dei og rangerer dei. Somme årstal blir løfta fram, fordi historia tydelegvis meiner dei er viktigare enn andre: 1814, 1905, 1940, 1945.

I våre eigne liv er det minnet vårt som sorterer årstala. Somme er viktigare enn andre: fødsel, giftarmål, barnefødslar, nære og kjære som døyr.

Men minnet er ein upåliteleg ordensmann når årstala i livet skal ordnast, løftast fram eller leggjast til side. Minnet vårt ser ut til å arbeide svært tilfeldig.

I mitt minne er året 1947 eit år som krev stor plass. Éin ting er at eg vart lagd inn på sjukehus på tiårsdagen min for å fjerne mandlane. Etter operasjonen vakna eg i senga med sår hals og blodflekkar rundt meg. Men det gjekk seg til, og eg var snart oppe og gjekk. Ettertida har rettnok meint at operasjonen var unødvendig, utan at det endrar historia.

Så kom sommaren, ein godvêrssommar som meteorologane framleis viser til, for det uvanlege godvêret. Det var sol og varme og skyfri himmel i vekevis.

Men det kom ikkje regn. Det vart tørke over alt. Noko kommunalt vassverk fanst ikkje den gongen. Folk fann vatn i private brønnar, i bekkar og vatn. Og no vart vatnet borte. Det vart mykje arbeid for å skaffe vatn, som jo alle måtte ha.

På den vesle øya Byre i Ryfylke vart brønnane tørre. Det fanst ikkje vatn på øya til folk og dyr. Men på naboøya Skartveit fanst Skartveitvatnet, ei vasskjelde som framleis heldt vatn. Som tiåring var eg med byrefolket og henta vatn på Skartveit. Vi drog med motorbåt med ein robåt på slep. I motorbåten hadde vi mjølkespann som vi fylte med vatn til bruk i hushaldet. Robåten fylte vi opp med vatn så mykje fribordet tolte. Det var vatn til husdyra.

Så la vi ut på fjorden med den dyre lasta og vona at vind og sjøgang ikkje ville øydeleggje ferskvatnet i robåten. Stort sett gjekk det bra, og husdyra fekk vatnet sitt.

Men byrefolket lærte ei lekse. Brønnane var ikkje å stole på i godvêret. Dei måtte bore seg ned til grunnvatnet, som var ei kjelde å lite på. Og borefirma dukka opp og bora seg djupt ned i fjellet, der grunnvatnet var å finne. Og vatnet fløymde for all framtid.

Nokre år seinare var eg ved Skartveitvatnet. Det hadde tilsig frå det moderne jordbruket rundt vatnet. Dette tilsiget gav næring til smågrønalgar, som dekte vatnet med eit grønt, fint lag. Her var det knapt råd å hente drikkevatn, korkje til folk eller fe.

Det var ikkje så farleg. Også på Skartveit hadde dei skaffa seg tilgang til grunnvatn.

Så blir vasstilgangen på Byre og Skartveit ei forteljing om mennesket og naturressursane, om vatnet, som kanskje er den viktigaste av alle naturressursar.

Mange stader i verda er grunnvatnet viktigaste vasstilgangen. I Sverige er det fleire større samfunn som har grunnvatn som einaste vasskjelde. Moderne samfunn bruker mykje vatn, og svensk fjernsyn har kvar einaste seinsommar urolege meldingar om fallande grunnvassnivå. Vasstilførsla er ikkje trygg.

Storbyar som Mexico by, med over 10 millionar innbyggjarar, har einast lokalt grunnvatn som vasskjelde. Regelbunde dukkar det opp uro for den framtidige vassforsyninga der. Det blir tatt ut meir vatn frå grunnen enn det naturen tilfører. Vasstilførsla er utrygg for ein millionby.

Regnet i Ryfylke duger til å etterfylle det grunnvatnet som blir tappa ut. At Skartveitvatnet har fått moderne miljøproblem med veksande grønalgar, er til å leve med.

Vasstilførsla er trygg, tryggare enn ho var i 1947, i ein vassfylt, skrøpeleg robåt på ryfylkefjordane.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis