JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Fløyte

Ikkje alle gjer seg fortente til å skumme fløyten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blautkake – eit under av feit fløyte. Men ikkje all fløyte er feit nok.

Foto: Øyvind Holmstad / Wikimedia Commons

4167
20180824
4167
20180824

Kva tyder det eigentleg «å skumme fløyten»? Alle som har sett ein separator i bruk, veit at det aldeles ikkje er fløyten som skummar – det er det skummamjølka som gjer. Fløyten renn stille og fint i ein tynn stråle ned i spannet sitt medan brorparten, altså skummamjølka, fossar ut og dannar mykje skum i bøtta.

No kan det rett og slett vere at skummamjølkskummet har meir å gjere med å skumme fløyten enn ein skulle tru: I skummamjølka er det nemleg proteina som dannar kortvarige bobler. På same måte heng nok «å skumme fløyten» meir saman med å skumme av ei gryte med kokande kjøt: òg her er det protein ein fjernar frå overflata ved hjelp av ei skei eller flat sleiv. Fløyte er lettare enn mjølk og flyt opp og legg seg som eit lok på overflata – dette loket kan altså «skummast» av. Men der kjøtskummet er boss, er fløyten det motsette: feitt. Og feitt er gull.

Alt feitt kan gjere

Det er nemleg feittet i fløyten som gjer at vi kan piske han til lett, mjuk, søt krem. Det er feittet som gjev oss glatt og syrleg rømme, rundt, salt smør og iskald, men lett iskrem.

Når vi piskar krem, får vi feittet i fløyten til å legge seg kring lufta vi piskar inn, og lage bobler. Medan fløyten er i ro, har feittet i han ein membran kring seg: Membranen gjer at feittet fordeler seg ut i fløyten. For sjølv om det er mykje feitt i fløyte, er det òg andre ting – som til dømes vatn. Og vatn og feitt vil jo ikkje henge saman.

Fløyte rett frå separatoren inneheld kring 40 prosent feitt. For at det skal vere nok feitt i han til å halde luftboblene stabile, må feittinnhaldet vere minst 30 prosent. Eller – i det minste trudde eg inntil nyleg det måtte vere slik. Men så har Tine laga produktet Lett piskbar fløte. Med 25 prosent feitt. Korleis har dei fått det til?

Unødige ingrediensar

Kort fortalt: Dei har juksa. Når du piskar Lett piskbar fløte, er det ikkje berre feittmolekyla og membranane deira som lagar krem. Det er sett til emulgatorar, gelatin (frå storfe) og stabilisatorane karragenan og xantangummi. Karragenan, vunne ut av algar, er ein feitterstattar som dannar gele i kontakt med mjølk og bind vatn. Xantangummi gjer vasshaldige løysingar tregtflytande, og emulgatorar er restar av feittsyrer som får vatn og feitt til å henge saman med kvarandre.

Kva har desse ingrediensane i den piska kremen min å gjere? Treng eg ein Lett piskbar fløte? Når eg les litt vidare på pakningen og ser kva eg kan bruke produktet til – eller, rettare, kva eg ikkje kan bruke det til, – vert svaret på dette spørsmålet fort nei. «Anbefales ikke til pynting av bløtkake, i varme retter eller i varme drikker», står det. Altså kan eg ikkje bruke fløyten i soppsausen, carbonaraen eller til fløytepotetene. Eg kan ikkje ha kremen på kakaoen, i irish coffee eller – eg ville ved alle høve ikkje gambla med det – i napoleonskaka.

Då hjelper det lite at fløyten er haldbar ei veke etter han er opna – for kva skal eg bruke han til? Jau, eg kan ha han på bær. Bær er gode for tida. Gode, reine og sunne – så reine at dei fortener ei rein råvare som tilbehøyr. Til smaken av hausten ser eg inga årsak til å byte ut smaken av ekte fløyte med syntetisk framstilte aromastoff, som sjølvsagt må til for å få eit produkt som Lett piskbar fløyte til å smake fløyte. Ved alle høve ikkje for å redusere feittinntaket mitt med 13 gram feitt per 100 gram fløyte. For sjølv om Tine aldri så mykje skriv «34 % mindre fett enn kremfløte» på pakningen, er ikkje skilnaden på 38 gram (i kremfløte) og 25 gram (i Lett piskbar fløte) større enn det.

Å redusere feittinnhaldet i fløyten frå 38 til 30 gram ville gje Tine høve til å skrive «21 % mindre fett enn kremfløyte» på pakningen – og det ville vere mogleg å piske fløyten uten alt mikkmakket.

Inntil vidare produserer Tine sju andre typar fløyte. Det finst kremfløyte, kaffifløyte, matfløyte, økologisk kremfløyte og laktosefrie variantar av dei tre fyrste alternativa. Berre eitt kan brukast til alt: kremfløyten. Han held for meg.

Kjøper eg Tine Lett piskbar fløte? Nei takk, eg gjev Tine pisk på lanken og held meg til minst like piskbar kremfløyte.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Feitt er gull.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis